Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2 Bilder

Nei til EU-ungdomen vil nedprioritere EØS-folkerøysting

Ungdom mot EU meiner det er strategisk uklokt og for tidleg å krevje folkerøysting om EØS-avtalen no. Dei bed Nei til EU prioritere ned spørsmålet framover.

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 14.11.15 13:37 | Oppdatert: 16.11.15 20:28

I fjor vedtok landsmøtet i Nei til EU å jobbe for å få folkerøysting om EØS-avtalen, og i sommar starta organisasjonen eit folkeleg opprop mot avtalen. Tre månader seinare er det samla inn over 10.000 underskrifter mot EØS-avtalen gjennom oppropet.

No føreslår Ungdom mot EU at Nei til EU tek eit steg tilbake og endrar prioritering i kampen mot EØS-avtalen.

– Vi vil nedprioritere det som står om folkerøysting men behalde EØS-motstanden. Vi er ikkje imot folkerøysting, men vi er for prioriteringar. Vi må prioritere å skape motstand mot EØS. Det er inga enkel oppgåve. Vi har fått til mykje bra så langt, men blant EØS-motstandarane er ikkje kravet om folkerøysting samrøystes. Difor bør nei til EU prioritere arbeidet med å skape motstand mot EØS, ikkje arbeidet med folkerøysting. Det kan vi gjere neste gong.

Det sa Sofie Brunvoll i Ungdom mot EU frå talarstolen då landsmøtet diskuterte prioriterte politikkområde for Nei til EU framover. Brunvoll representerer Ungdom mot EU i Nei til EUs øvste organ, rådet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil ha auka engasjement fyrst

«Ut av EØS» er føreslege som Nei til EUs satsingsområde nummer éin for 2016-2017. I forslaget til arbeidsplan for perioden heiter det at «Nei til EU skal jobbe for en folkeavstemning om EØS-avtalen. Vi tror et sterkt folkelig krav må til for å få gehør for oppsigelse av avtalen, og har derfor startet en underskriftskampanje som krever folkeavstemning om EØS-avtalen».

Les også: Nei til EU har samla inn 10.000 underskrifter mot EØS-avtalen

Det er prioriteringa av folkerøysting om EØS-atalen ungdomsorganisasjonen argumenterer for å endre. Dei vil ha følgjande formulering i staden:

– Nei til EU skal jobbe for å seie opp EØS-avtalen og erstatte den med ein ny rettvis og demokratisk forankra handelsavtale. Vi meiner eit sterkt folkeleg krav må til for å få gehør for oppseiing av avtalen og har difor starta underskriftskampanje for å skape auka engasjement og forplikting for dette kravet.

Fryktar fråfall

Ungdom mot EUs leiar Åsa Kjerstine Kjølberg Moen seier ungdomsorganisasjonen meiner det er strategisk uklokt og for tidleg å gå rett på krav om folkerøysting no.

– Det handlar om folkeleg forankring. Vi meiner at for å få ei folkeleg forankring og for å nå gjennom med ei folkerøysting, så er vi fyrst nøydde til å ha ein brei kunnskapsbasert debatt, og ein underskriftskampanje som kan bidra til kunnskapsspreiing om EØS. Kravet om folkerøysting kan fyrst kome når folk veit kva dei eventuelt skal røyste over, seier ho til Nationen.

Les også: Dørum og Olaussen i oppheta debatt om arbeidsinnvandring hjå Nei til EU

Ho fryktar det å krevje folkerøysting no skal støyte frå seg ein god del grupper som er EØS-kritiske, men som per i dag ikkje ser noko reelt alternativ til EØS.

– Folkerøysting handlar også berre nei til EØS, ho har ikkje eit alternativ å kome med, seier Brunvoll til Nationen.

Får motstand

Kor vidt Ungdom mot EU får gjennomslag for å nedprioritere kravet om folkerøysting eller ikkje vert klart sundag føremiddag når Nei til EU vedtek arbeidsplan og politiske satsingsfelt for 2016-2017.

Laurdag møtte forslaget deira motstand frå Arne Byrkjeflot, som er vara til styret i Nei til EU. Han meiner ei nedtoning av spørsmålet om folkerøysting vil øydeleggje Nei til EUs arbeid mot EØS-avtalen.

– For det er ei folkerøysting som kan få oss ut av EØS. Vi får aldri fleirtal på Stortinget for å melde oss ut av EØS, argumenterte han overfor landsmøtet.

– Strategisk uklokt

Ungdom mot EU utgjer til saman 16 av dei 166 delegatane på landsmøtet. Moen reknar med støtte frå fleire andre delegatar, men veit ikkje kor mange. Ho er derimot ikkje overraska over å verte møtt med motførestellingar.

– Spørsmålet om folkerøysting har vore oppe på alle landsmøta våre dei siste åra, og enkelte har kjempa for å få til krav om folkerøysting, så det er ikkje overraskande at det kjem motrøyster. Vi meiner berre at det viktigaste for oss er å vinne kampen mot EØS, og då ser vi på det som strategisk uklokt å gå for folkerøysting allereie no, når folk ikkje veit kva dei skal røyste over. Det er det usemja står om, ikkje om vi ein gong i tida skal ha folkerøysting eller ikkje, men om kor tid kravet om folkerøysting bør kome, seier ho.



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse