Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til EU har samla 10.000 underskrifter mot EØS-avtalen

Nei til EUs opprop mot EØS-avtalen har fått 10.000 underskrifter i løpet av tre månader. Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland skulle ønskje talet var høgare og håpar å få med veldig mange fleire.

Landsmøte: EU-leiar Kathrine Kleveland opna fredag ettermiddag Nei til EUs landsmøte, som går føre seg i Svolvær i Lofoten. Foto: Eva Aalberg Undheim

Oppropet om å melde Noreg ut av EØS-avtalen som Nei til EU lanserte like før kommunevalkampen har til no vorte skrive under av over 10.000 personar. Det sa Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland då ho fredag ettermiddag opna Nei til EUs landsmøte, som går føre seg i Svolvær i Lofoten.

Det var i april i år at rådsmøtet i Nei til EU vedtok å jobbe fram eit folkeleg opprop mot EØS-avtalen, som del av organisasjonen sitt arbeid for å få ei folkerøysting om EØS-avtalen på sikt.

Nei til EU

* Er ein tverrpolitisk medlemsorganisasjon som jobbar for at Noreg skal haldast utanfor EU. Har også mål om at EØS-avtalen skal seiast opp og har vedteke å jobbe for ei folkerøysting om EØS-avtalen.

* Hadde ved årsskiftet 23. 703 medlemmar, og lokal- og fylkeslag over heile landet.

* Held i helga landsmøte i Svolvær i Lofoten. Landsmøtet skal mellom anna diskutere EØS, internasjonal solidaritet og handelsavtalane TTIP og TISA.

* Landsmøtet skal også velje nytt styre og råd i Nei til EU. Kathrine Kleveland er innstilt til attval som leiar og Gina Barstad (SV) og Shoaib Sultan (MDG) er innstilte til nestleiarar.

Kampanjen vart lansert med heilsiders annonsar i fleire landsdekkjande aviser og oppropet har fått støtte frå kjende personar som høgsterettsadvokat Harald Stabell, artisten Aasmund Nordstoga, forfattarane Vigdis Hjort, Gert Nygårdshaug og Kjartan Fløgstad, tidlegare landslagssjef Egil «Drillo» Olsen, partileiarane Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Audun Lysbakken (SV) og Bjørnar Moxnes (Raudt) og leiarane i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Lars Petter Bartnes og Ann Merete Furuberg.

– For lite

Fredag var talet underskrifter oppe i 10.183. Kleveland seier talet er stort, men sjølvsagt altfor lite til å ha nokon effekt.

– Vi må saman syne at vi klarar å nå ut mykje breiare og får med oss mange fleire. Så marsjordren går til oss alle. Få fleire med, oppmoda ho dei 166 landsmøtedelegatane til.

Les kommentar: Det er på tide å ta den vanskelige EØS-praten

Ho sa at lag og aktivistar som har gjort ein innsats, rapporterer at det er lett å få folk til å skrive under EØS-oppropet.

– Men mange av oss har brukt for lang tid på å kome opp av startgropa. Fylke som Oslo har gått føre og syner at det går an, seier ho.

– Burde vere viljug til diskusjon

Kleveland ønskjer derimot ikkje å seie kor mange underskrifter ho meiner trengst for at EØS-oppropet skal føre nokon veg.

– Vi har valt å ikkje gå ut med tal, men det er klart at for å få ein effekt overfor Stortinget, så må vi ha veldig mange fleire enn no. Det er det ikkje tvil om, seier ho.

– Korleis skal de få til det?

– Eg meiner vi må få ut meir kunnskap om EØS-avtalen og alternativ. Veldig mange nordmenn ser ikkje at det er noko alternativ til denne i dag, og det uroar meg, seier Kleveland.

Annonse

Ho er viss på at Noreg fint kunne hatt ein handelsavtale med EU i staden for den omfattande EØS-avtalen.

– I den samanhengen må eg seie at når David Cameron no er klar for folkerøysting i Storbritannia, så uroar det meg at norske statsrådar og byråkratar, som Vidar Helgesen og Espen Barth Eide, snakkar ned den norske løysinga i utlandet. Dersom dei synest EØS er så ille når dei er ute, så burde dei vere viljuge til å diskutere alternativ til avtalen her heime, seier ho.

Meir enn mot EØS

Nei til EU-leiaren ventar seg mykje debatt om EØS-avtalen under landsmøtet i helga.

– Det er ikkje ei enkelt sak det ligg an til å verte kjempediskusjon om, men eg veit av erfaring at det pleier å verte friske debattar. Eg veit også at enkelte i organisasjonen har det svært travelt med å få Noreg ut av EØS fort, så det vert garantert stor diskusjon om EØS i år også, seier Kleveland til Nationen.

Samstundes er ho oppteken av at Nei til EU er og skal vere meir enn ein organisasjon mot EØS-avtalen.

– Hovudføremålet vårt er å halde Noreg utanfor EU. Vi må aldri gløyme at det er oppgåve nummer ein, sjølv om målingane er som dei er, seier ho.

Nei til EU markerte i april i år at det hadde vore nei-fleirtal på alle meiningsmålingar om norsk EU-medlemskap i ti år. På den siste målinga Sentio gjennomførte for Nationen og Klassekampen i oktober, hadde nei-sida støtte frå 68 prosent. Berre to av ti nordmenn svarar i dag at dei ønskjer norsk EU-medlemskap.

Les og: Sju av ti seier framleis nei

Ja-sida står truleg endå svakare i Svolvær. I alle fall i helga. Lofoten er ikkje tilfeldig valt som stad for Nei til EUs landsmøte, ifølgje Kleveland.

– Distrikta og ikkje minst Nord-Noreg var svært viktige i EU-kampen. Det er nok å nemne Flakstad her i Nordland, som var den kommunen i 1994 med høgast nei-prosent. 93,7 prosent sa nei, seier ho.

Neste artikkel

Vern om norske arbeidsplasser