Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan bli EU-regulering av stoff i tatoveringar

Det finst ikkje eit felles europeisk regelverk for kva kjemikal som kan brukast i tatoveringar og kva som er ulovlege.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Derfor er det europeiske kjemikaliebyrået ECHA bedt av EU-kommisjonen om å vurdere risikoen og behova for tiltak.

ECHA har jobba tett med Noreg, Danmark, Italia og Tyskland i utarbeidinga av eit restriksjonsforslag under kjemikalieregelverket REACH.

Forslaget inneber forbod og avgrensingar på bruk av cirka 4.000 ulike kjemiske forbindelsar i tatoveringsblekk.

Annonse

For mange av stoffa vil det bli fastsett konsentrasjonsgrenser.

– Målet er ikkje å forby tatoveringar, men å regulere kjemikaliane som blir brukt slik at det blir trygt for folk å tatovere seg. Vi oppfordrar særleg bransjen til å lese forslaget og til å følgje med på høyringa som er venta å starte i midten av desember, fortel Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Neste artikkel

Brexitbombe tikker under EUs sosiale søyle