Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høge mobilrekningar etter EU-smell

Forbrukarombodet krev at mobilselskapa informerer tydeleg om kva som inngår i dei nye reglane for mobilbruk i EU- og EØS-landa.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Forbrukarombodet krev at mobilselskapa informerer tydeleg om kva som inngår i dei nye reglane for mobilbruk i EU- og EØS-landa.

No har ikkje mobilselskapa lenger lov til å ta meir betalt for tekstmeldingar, telefonsamtalar og databruk når abonnentane er på reise i EU- og EØS-landa. Men det finst likevel avgrensingar i regelverket for fri roaming, som forbrukarane har krav på å vite, skriv Forbrukarombodet i ei pressemelding.

Reglane gjeld ikkje for samtalar frå Noreg til EU- og EØS-landa. Dermed er det like dyrt no som før å ringe til utlandet frå Noreg, dersom operatørane ikkje har justert dette sjølve.

– Me har blitt kontakta av fleire forbrukarar som har trudd at Europa har éin pris overalt. Dermed har dei fått overraskande høge rekningar. Dei reagerer på at denne vesentlege avgrensinga ikkje har blitt kommunisert til dei, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Annonse

Forbrukarombodet har no bede mobiloperatørane om å kunngjere dette tydeleg i marknadsføringa innan 20. juni. Ombodet vil følgje nøye med på selskapa og slå ned på villeiande marknadsføring.

Eit anna område ombodet vil at forbrukarane skal få god informasjon om, er mobilbruk på ferjer og cruiseskip. Der brukar dei eigne satellittar for å få mobilsignal, og dette kan vere særs dyrt for abonnentar å bruke.

Neste artikkel

EU innskrenker fipronil-bruken