Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dørum og Olaussen i oppheta debatt om arbeidsinnvandring hjå Nei til EU

Tidlegare Nei til EU-leiar Heming Olaussen vil ha Nei til EU til å støtte SVs forslag om å avgrense EØS-innvandringa for å gjere plass til flyktningar. Odd Einar Dørum (V) åtvarar på det sterkaste.

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 13.11.15 21:33 | Oppdatert: 14.11.15 17:28

Det vart ei krass ordveksling mellom tidlegare Nei til EU-leiar Heming Olaussen og EØS-tilhengar og rådsmedlem i Nei til EU, Odd Einar Dørum (V), på opningsdagen av Nei til EUs landsmøte fredag.

Olaussen, som stilte som delegat frå Vestfold Nei til EU, la fram forslag om at Nei til EU skulle støtte SVs nylege forslag om å avgrense EØS-innvandringa for å gjere plass til flyktningar. Arne Byrkjeflot, som er tidlegare LO-leiar i Trondheim og vara til styret i Nei til EU, var også med å utarbeide forslaget.

– Poenget er at no vert det føreslege innstramming for å unngå at så mange asylsøkjarar kjem til Noreg. Det vert grunngjeve med at Noreg ikkje maktar å busetje og å integrere så mange. Dersom ein følgjer med så ser ein at talet arbeidsinnvandringar dei siste åra langt har overskride sjølv dei største anslaga for kor mange asylsøkjarar som skal kome, utan at det har vore stilt spørsmål om innstrammingar i det heile teke. Skal det fyrst strammast inn for at vi ikkje greier å integrere og busetje – som er argumentet – så mange, så må vi i alle fall sjå dei to samla, sa Byrkjeflot under debatten om saka fredag.

Vil ikkje jamføre

Forslaget møtte motstand frå politisk nestleiar Bjørn Ola Opsahl i Ungdom mot EU, og deretter mot EØS-tilhengar Odd Einar Dørum, som representerer Venstre i Nei til EUs øvste organ – rådet. 

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg er samd i at det her med arbeidsinnvandring er ei vanskeleg sak, men eg vil be landsmøtet om å ikkje jamføre vanleg asylinnvanding og arbeidsinnvandring, sa Opsahl.

Les og: Nei til EU har samla 10.000 underskrifter mot EØS-avtalen

Dørum var endå krassare i åtvaringa si.

– For meg er det slik at det å ta til å trekkje inn arbeidsinnvandring som gjev folk frå Polen og Spania ein sjanse, det vert i alle fall ikkje noko godt argument, når nokon av oss i mange samanhengar jobbar for at polakkar skal ta sin del av den byrda i Europa. Eg syns verkeleg ein er ute på djupt vatn i denne saka, sa Dørum til landsmøtet.

Støtte frå fleire

Forslaget til Olaussen skal fyrst røystast over laurdag ettermiddag, men det vart debattert fredag. Nei til EUs styremedlem Boye Ullmann, som til liks med Byrkjeflot har bakgrunn i Raudt, argumenterte også for forslaget. Det same gjorde Per Martin Sandtrøen frå Hedmark Nei til EU. Sandtrøen er også politisk rådgjevar for Sp på Stortinget.

– Det er to ting vi må få til om den situasjonen Noreg står overfor no med flyktningkrisa skal gå bra. Alle som har behov for vern, må få opphald i Noreg, og flest mogleg av dei må kome i jobb. Samstundes må vi syte for at flest mogleg av dei som slit allereie i Noreg i dag, også kjem i jobb. Stein Reegård som er sjeføkonom i LO har spådd at det som kan skje i Noreg er at vi får lågare løner, tøffare arbeidsvilkår, høgare arbeidsløyse og større skilnader. Dersom det skjer, er ikkje det eit klima for suksessfull integrering av folk som treng vern. Difor oppmodar eg landsmøtet til å støtte resolusjonen som Heming og Arne jobbar med, sa Sandtrøen frå talarstolen på landsmøtet fredag.

Ullmann argumenterte med at arbeidsmarknadskriminalitets-rapporten frå mellom andre Kripos og Økokrim syner at auka arbeidsinnvandring fører til auka arbeidsmarknadskriminalitet på grunn av den store tilgangen av billeg utanlandsk arbeidskraft.

– Den gjev større spelerom for kriminelle aktørar på ein måte som truar med å undergrave sentrale løns- og arbeidsvilkår i delar av norsk arbeidsliv og som fører til omfattande svart arbeid og annan økonomisk kriminalitet, siterte Ullmann frå rapporten.

Dørum er heilt usamd i argumentet.

– Eg trur altså då på at folk kan reise ein stad og søkje ein jobb, og så trur eg på å føre ein arbeidsmarknadspolitikk som stoppar svin. Det trur eg på. Når du vil blande det at folk kjem kome frå Spania og andre stader med debatten om flyktningar, så kjem eg i eit kjempeproblem, og difor vert eg ganske intens. Eg vil åtvare på det sterkaste imot dette. Og eg vert nøydd til å tenkje over kva eg skal gjere etter dette møtet, for eg synest dette er å blande korta, sa Dørum.

– Vi har altså Tysklands kanslar Angela Merkel. Ho prøvar å opne på ein måte vi ikkje har vore vane med. Skal vi då sparke bein under slike politikarar fordi vi trur at vi tenkjer best her oppe. Fellesskap krev meir enn det de no støttar, rasa Dørum frå talarstolen.



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse