Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Danskane fryktar utradering av landbruket

Danmark kan verte ramma hardast når EU vedtek klimakrav for landbruket, meldar danske medium. – Får konsekvensar for tusenvis av arbeidsplassar, seier dansk minister. EUs klimakrav skal også gjelde norsk landbruk.

Danskane fryktar dei nye klimakrava som er under utarbeiding i EU kan rasere det danske landbruk. Det melder fleire danske medium.

– Det her er ein thriller for heile det danske velferdssamfunnet, seier miljø- og matminister Esben Lunde Larsen (V) etter eit møte i EUs landbruksministerråd i Brussel tysdag, ifølgje nyhendebyrået Ritzau.

EU-kommisjonens utkast til klimakrav er ikkje klart før nærare sommaren, ifølgje EUs klimakommissær Miguel Arias Cañete, men temaet vart diskutert av EU-landbruksministrane tysdag.

– Dersom vi skal redusere med så store prosent som EU-kommisjonen har lagt opp til, får det konsekvensar for tusenvis av arbeidsplassar i Danmark og for milliardar i eksportinntekter, sa den danske matministeren etterpå.

Den danske avisa Finans skriv at analysar frå ekspertar frå EU-kommisjonens eige analysesenter – Joint Research Centre – indikerer at dei nye klimakrava kan medføre følgjande produksjonsfall:

* Danmarks produksjon av oksekjøt kan falle med opp mot 50 prosent,

* Produksjonen av mjølk kan verte redusert med 24 prosent, og

* Produksjonen av svinekjøt kan verte redusert med 14 prosent i Danmark.

Noregs klimasamarbeid med EU

Regjeringa har varsla at Noreg vil inngå avtale med EU om sams oppfylling av klimaforpliktingane.

Kor mykje kvart enkelt land må kutte i utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor, som inkluderer jordbruket, skal avgjerast av EU i 2016.

Kutta skal fordelast på landa ut frå BNP per innbyggjar, og med justeringar for kostnadseffektivitet for landa med BNP over EU-snittet. Det inneber at kvart enkelt land kan få krav om utsleppskutt på mellom 0 og 40 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor.

Kuttkrava vert utarbeidde av EU-kommisjonen no, og er varsla lagt fram seinast i juli.

Tala er henta frå ein rapport frå 2015 med utgreiingar av økonomiske følgjer av ulike hypotetiske scenario for klimakutt.

– Vert straffa for å ha gått føre

Nye klimakrav for landbruket vert ein del av EUs oppfylling av klimaforpliktingane fram mot 2030, og klimaavtalen frå Paris. EU har vedteke at utsleppa i jordbruk, transport og bygg- og avfallsbransjen – såkalla ikkje-kvotepliktig sektor – samla skal kuttast med 30 prosent jamført med nivået i 2005.

Les også: EU-kommisjonen har vurdert ulike alternativ for korleis landbruk og skogbruk skal inn i regimet for utsleppskutt

Kor mykje kvart enkelt land må kutte for å nå det samla målet, er blant tinga EU-kommisjonen no ser på. Kutta skal fordelast på landa ut frå BNP per innbyggjar, og med justeringar for kostnadseffektivitet for landa med BNP over EU-snittet.

Annonse

Danmark har nest høgste BNP per innbyggjar i EU, og er dermed blant dei som kjem til å måtte kutte mest. Ifølgje avisa Finans kan det danske landbruket måtte kutte utsleppa med mellom 36–38 prosent.

Matministeren meiner det betyr at landet vert straffa for å ha gått føre med klimakutt i landbruket.

– Ein stor del av klimareduksjonen Danmark allereie har gjennomført skjedde i åra fram mot 2005. Dermed får vi ikkje godtskrive noko av alt det vi allereie har gjort frå dansk side, seier Larsen ifølgje Ritzau.

– Noreg i ein annan situasjon

Klimakrava EU vedtek, kan også gjelde for Noreg.

Den norske regjeringa ønskjer ein avtale med EU om sams oppfylling av klimaforpliktingane fram mot 2030. Det inneber at sektorar som jordbruk, transport og bygg- og avfallsbransjen for fyrste gong vert lagt inn under EUs regime for utsleppskutt .

Som følgje av høgt inntektsnivå, kan også Noreg vere blant landa som må kutte opp mot 40 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor, der landbruket er inkludert. Det har politisk rådgivar Jens Frølich Holte (H) i Klima- og miljødepartementet stadfesta.

Korleis og i kor mykje det skal kuttast i dei ulike sektorane, er ikkje vedteke enno.

Holte seier det største potensialet for utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor i Noreg gjeld transportsektoren.

– I landbruket er ikkje potensialet like stort, men her er det også ein del som kan gjerast , har han sagt til Nationen.

Noregs landbruksråd til Brussel, Knut Øistad, seier Danmark, saman med Irland, er EU-landa med høgast klimautslepp i landbrukssektoren.

– Noreg og mange andre land er i ein annan situasjon enn Danmark kva gjeld utslepp i landbruket, seier han.

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997