Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Acer-saken: Selskap bak Skottland-kabel positiv til Statnett som investor

NorthConnect, selskapet som står bak ein kraftkabel til Skottland, seier det er greitt å ha med Statnett på prosjektet. Det kan oppfylle Acer-avtalen.

Statnett ønsker ikkje å svare om det kan bli aktuelt for selskapet å gå inn i Northconnect-prosjektet.

Stortinget har stemt for at Noreg skal slutte seg til energimarknadspakka til EUs energibyrå Acer. I avtalen heiter det at Statnett skal ha monopol på alle utanlandsforbindelsar.

Selskapet Northconnects planlagte undersjøiske kraftkabel til Skottland kan likevel bli bygd ved at Statnett går inn på eigarsida, og NorthConnect er open for løysinga, skriv Klassekampen.

– Vi har vore førebudd på at det kunne bli aktuelt med samarbeidspartnarar utover den eksisterande eigarstrukturen. Å få inn Statnett vil vere ok sett frå vår side, og vi er positive til å finne løysingar, seier styreleiaren i selskapet, Odd Øygarden, til avisa.

Annonse

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) behandlar for tida konsesjonssøknaden til NorthConnect.

Olje- og energidepartementet vil ikkje svare på kva som vil skje om NorthConnect får konsesjonen innvilga.

Statnett ønsker ikkje å svare Klassekampen om det kan bli aktuelt for selskapet å gå inn i Northconnect-prosjektet.

Neste artikkel

NorthConnect-kabelen: – Arbeiderpartiet må stå ved sitt løfte