Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvifor gidd me dette?

EU-parlamentet: Tryggar auka samarbeid, skriv innsendaren. Foto: Eva Aalberg Undheim

Når eg fortel folk om Europeisk Ungdom, lurer dei på kva me står for. Når eg fortel dei om kva me står for, lurer dei på kvifor me ikkje har gitt opp.

I førre veke spurte Kathrine Kleveland, leiar av Nei til EU, om det fortsatt er behov for organisasjonen hennar. Var ikkje nei-kampen vunne for lengst? Spørsmålet var retorisk. Openbart meiner ho at Nei til EU fortsatt trengst i Noreg. Det skjønner eg godt. Nei-sida vann kanskje folkerøystinga i 1994, men har tapt kvar dag sidan.

Dei siste 24 åra har Noreg vorte stadig meir integrert i Europa. Slik har norske bedrifter konkurrert på nærast like vilkår som bedriftene i våre naboland. Nordmenn har fått fridom utan likestykke i norsk historie, og kan no reise, bu og arbeide fritt på kontinentet. Ungdomen av min generasjon grip sjansen og studerer på kryss og tvers av Europa.

Ein skulle nesten trudd at det er ja-sida som har vunne kvar dag sidan folkerøystinga i 1994. Det har me ikkje. For ved å vere innanfor og utanfor på same tid, har det vorte lagt eit lokk på all offentleg EU-debatt i dette ganske land. EØS-avtalen har øydelagt for det meste alt av engasjement på ja-sida. No er det berre dei aller ivrigaste EU-forkjemparane som står igjen. Aleine.

Etter 12 år med samanhengande fleirtal mot norsk medlemskap i EU, står me no utan eitt einaste politisk parti som torer å aktivt kjempa for medlemskap. Fleire folk og aktørar er redde for å forbindast for tett saman med oss. Så kva har me på norsk ja-side eigentleg å oppnå? Kvifor gidd me å fortsette ei tilsynelatande tapt kamp?

Ungdomsrørsla Europeisk Ungdom fyller 45 år i 2018. Me består av ungdom som er fødd og oppvakse i EØS. Me har verken opplevd EU-debatten i 1972 eller i 1994. Me har aldri opplevd den kalde krigen eller sett Berlinmuren. Me har aldri veksla kroner til franc eller stått i passkø på ferie i Hellas.

Me tilhøyrar rett og slett ein ny generasjon unge nordmenn. Etter å ha vakse opp på eit kontinent prega av fred, velstand og fridom, er europeisk samarbeid for denne generasjonen ei sjølvfølgje. Når nei-sida vil ut av EØS-avtalen, er det vanskeleg å forstå alt som står på spel. Når ja-sida masar om EU-medlemskap, er det vanskeleg å forstå at me ikkje har det godt nok i dag.

Det er ikkje så rart. I årevis har sterke EU-skeptiske krefter hatt som strategi å få eit EU-medlemskap (kontra EØS-medlemskap) til å virke som ei stor, skummel omvelting av det norske samfunnet. Dei har lukkast vel. Sjølv er eg ikkje samd i at så mykje ville ha endra seg ved eit medlemskap, men den debatten skal eg ikkje ta no.

«Me har aldri opplevd den kalde krigen eller sett Berlinmuren.»

Annonse

Det som skremmer meg, er alt det hatet som finst der ute. Dersom ein er 16 år, nytt medlem av Europeisk Ungdom, og skriv eit positivt innlegg om europeisk samarbeid, må ein fort finne seg i å verta kalla både landssvikar og Quisling.

Det er grove karakteristikkar. Like fullt er utsegna med på å øydelegge det offentlege ordskiftet. Eg skjønner godt at folk ikkje orkar alt det hatet som ligg der ute, når ein ytrar seg positivt om EU. Debatten er nemleg ikkje lenger reieleg når ein omtalar motstandaren for folkefiende.

Dette er dessutan noko eg veit at den seriøse nei-sida ikkje står bak. Derfor saknar eg at nei-sida tek eit oppgjer med dei mindre seriøse i eigne linjer. Når det er unge idealistar det går ut over kan me ikkje berre stå og sjå på. Igjen spør eg: Kvifor gidd me eigentleg dette?

På måndag spurte Eirik Fenstad Thorbjørnsen, leiar i Ungdom mot EU, om me på ja-sida har gitt opp EU-medlemskapet, og gått for det ’nest beste’; ein mest mogleg EØS-avtale. Det kan eg avkrefta med ein gong. Me er like ambisiøse som alltid, og går berre for det beste.

Dei siste åra har nei-sida vorte stadig meir radikal, og kjempar no for å gå ut av EØS. Me veit at alle vegar ut av EØS vil forverra kvardagen til nordmenn, med unntak av eit fullverdig medlemskap. Derfor er me optimistiske på at vinden vil snu når EU-debatten igjen kjem opp.

Når folk lurer på kvifor me ikkje har gitt opp, seier eg at verda treng oss meir enn nokon gong. Derfor vil me fortsette å finnast, uansett kor sterke eller negative motkreftene vert.

Etter sju tiår med aukande samarbeid i Europa, skal me ikkje tillate nokon å rive det ned.

Neste artikkel

Vi har nye kamper å vinne