Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er brexit bra for Noreg?

Noreg må sikre gode relasjonar til eit Storbritannia utanfor EU, men norske politikarar må ikkje setje EØS-avtala i fare.

SV-leiar Audun Lysbakken (t.v.) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum (midten) stiller EØS-krav til Ap-leiar Jonas Gahr Støre for å gå saman i regjering etter valet. Terje Bendiksby / NTB scanpix

Etter at eit knapt fleirtal av britiske veljarar sist år sa dei ville ut av EU, meinte leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum at Noreg måtte seie opp EØS-avtala og fylgje britane, sidan Storbritannia er Noregs største handelspartnar.

I valkampen har Vedum vore litt meir varsam med å nemne kva Noreg bør gjere andsynes Storbritannia, sidan britane ser ut til å famla i blinde i tingingane med EU om utmeldinga, men Vedum held fast på at EØS-avtala må seiast opp. Saman med SV-leiar Audun Lysbakken var han tidleg ute i haustens valkamp med å stille EØS-krav til Arbeidarpartiet om dei to skulle støtte Jonas Gahr Støre som Noregs neste statsminister.

Å setje EØS-avtala i spel for å fylgje Storbritannia inn i ei uviss framtid med tosidige handelsavtaler eller eit britisk medlemskap i EFTA, slik Senterpartiet og Vedum fleire gonger har teke til orde for, eir ein dårleg idé. Særleg om Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er opptekne av å sikre norske arbeidsplassar i distrikta.

Der ligg nemleg mange av dei industribedriftene som i dag eksporterer varer og teneste til EU, og som er heilt avhengig av like reglar for eksport og import andsynes dei konkurrentane dei har i EUs indre marknad. Dette er ein marknad med 500 millionar innbyggjarar, mot berre 5 millionar i Noreg.

• Les også: Venstre bekymret over EØS-motstand

Noreg har ein langt meir open økonomi enn Storbritannia og norske føretak og arbeidsplassar er meir avhengig av EUs indre marknad enn britiske føretak og arbeidsplassar er. Berre rundt 30 prosent av det britane produserer av varer og tenester går til eksport, mot mest 50 prosent i Noreg. Og medan under halvparten av britanes eksport går til EU gjeld dette mest 80 prosent av norsk eksport.

«I internasjonale relasjonar gjer store land som dei vil, små som dei må.»

Annonse

Utfordringa med brexit er at Storbritannia er største enkeltland for norsk eksport. Dei tek imot meir enn 20 prosent av dei varer og tenester norske føretak sel internasjonalt, og det hadde vore langt betre for Noreg og norske arbeidsplassar om britane hadde stemt ja til å bli i EU for eit år sidan, enn at dei no ynskjer seg ut.

Det er ingen tvil om at Noreg treng gode relasjonar til eit Storbritannia utanfor EU, men dei må ikkje setje EØS-avtala og dei nær 80 andre avtalene Noreg har med EU i fare. Sjølv etter ein brexit vil dei resterande EU-landa ta imot 60 prosent av norsk eksport, og utanlandske føretak frå EU vil framleis bety meir for vår nasjonale verdiskaping enn dei britiske.

Det er rundt 7000 utanlandskontrollerte føretak i Noreg i dag, som gir arbeid til meir enn 330.000 personar. I 2014 hadde desse i fylgje Statistisk sentralbyrå ei omsetning på mest 1.491.506 millionar kroner og stod for 467 milliardar kroner av den såkalla tilarbeidingsverdien i norsk økonomi. Sjølv om 685 av desse føretaka er britiske, er talet på føretak og arbeidsplassar frå dei fem EU-landa Danmark, Finland, Nederland, Sverige og Tyskland fem gonger høgre enn for Storbritannia.

• Les også: Det er en fordel for norsk næringsliv at britene forblir i EUs indre marked, skriver Tore Myhre i NHO.

Målet for Noregs neste regjering må difor primært vere å ta vare på den fleirsidige EØS-avtala, og i forlenging av denne få til ei god tosidig avtale med Storbritannia. Noreg er eit lite land med ein open økonomi i verdas periferi. I internasjonale relasjonar gjer store land som dei vil, små som dei må. Difor er fleirsidige avtaler langt betre for land som Noreg enn tosidige avtaler, som sjølv for Storbritannia utanfor EU kan syne seg å bli vanskeleg.

Neste artikkel

Frp-topp vil endre valgloven