Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biff mot bil i Mercosur-forhandlingane

Også Noreg kjenner det globale presset. Også vi er gjennom EFTA inne i forhandlingar med Mercosur.

Storfe: Uruguay er ein stor produsent av storfe, og vil, som fleire andre søramerikanske land, sterkare inn på den europeiske markanden. Foto: Colourbox

13. desember, kunne julefreden senke seg over WTO.

Det tre dagar lange ministermøtet i Buenos Aires enda utan store resultat. Heldigvis vart det ingen avtale om å redusere produksjonsretta støtte. Vi og våre sveitsiske kollegaer og kunne puste letta ut for denne gongen. Også sveitsiske bønder kjempar for dette verktøyet for å oppretthalde ein lønsam produksjon.

Til Buenos Aires kom det også EU-bønder frå Irland og Frankrike, Finland og Danmark. Til og med generalsekretæren i paraplyorganisasjonen Copa-Cogeca hadde teke den lange turen over frå Europa.

Men det var ikkje WTO som bekymra dei mest. Det var sluttspurten i forhandlingane mellom EU og den latinamerikanske handelsblokka Mercosur, som strategisk var lagt parallelt med WTO-møtet i den argentinske hovudstaden. Symptomatisk nok for stillstanden i WTO blir organisasjonen overskugga av forhandlingar om bilaterale og regionale avtaler.

Og det er ikkje utan grunn EU-bøndene er bekymra. Mercosur-landa Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay er verdas største eksportørar av storfekjøt. Brasil sto i 2016 øvst på pallen av storfeeksportørar, og tok fjerdeplassen på svin og kylling.

Du skal ikkje vere lenge i Argentina for å skjønne at storfe er ein viktig del av både kosthaldet og økonomien. Berre Uruguay har høgare årleg forbruk av storfe og kalv. På tredje plass kjem Brasil. Argentina er også verdas fjerde største eksportør av kornprodukt.

EU har tilbydd Mercosur ei storfekvote på 70.000 tonn. Det har gått rykte om at den kan flytte seg opp til 100.000 tonn. 70.000 tonn utgjer rundt éin prosent av forbruket i EU. Ikkje så mykje å rope høgt om tenkjer kanskje du, men irane ser det ikkje slik. "Kjem det inn som finare stykningsdelar kan det fort utgjere rundt 20–30 prosent av produksjonen", seier Liam Machale, som leiar Brussel-kontoret til det irske bondelaget (IFA).

Leiaren for IFA, Joe Healy, møtte Mercosurs forhandlingsleiar i Buenos Aires. "Han sa han ikkje kunne kome tilbake til heimlandet utan ei storfekvote på 100 000 tonn. Eg sa eg ikkje kunne kome tilbake til Irland med ei EU-kvote på 100 000 tonn," sa Healy.

Du skal ikkje vere lenge i Argentina for å skjønne at storfe er ein viktig del av kosthald og økonomi.

Annonse

Men før Healy landa på irsk jord, tok han ein stopp i Brussel. Der leia han møtet i Copa-Cogecas matkjedegruppe. For om irane skulle klare å stagge storfeimport frå Brasil, som dei har klart før, står kampen internt om makta i verdikjeda for mat.

Irland har vunne kampen om å innføre Lov om god handelsskikk heime, no vil dei, som landbrukskommissæren, ha EU-lov. Noreg har blitt ei sinke. Men samtidig med at kommissæren vil gi meir makt til medlemslanda i den framtidige landbrukspolitikken, blir globale forhold som Russland-boikott og handelsavtaler stadig viktigare for EU-bonden.

Også Noreg kjenner det globale presset. Også vi er gjennom EFTA inne i forhandlingar med Mercosur. Krav vart utveksla i november og tilbod er venta å bli lagt fram i mars. Då må ikkje norske politikarar sove i timen. Presset frå Mercosur er stort.

I Buenos Aires møtte vi også nyutnemnd landbruksminister Luis Miguel Echevehere. Sist vi møttest var han leiar i det argentinske bondelaget. Frå panelet på årsmøte i verdsbondelaget, WFO, slo Echevehere fast at Europa måtte finne seg i å importere biff frå Argentina når dei måtte importere bilar frå Europa.

EU-Mercosur-forhandlingane før jul veka enda som WTO med brot. Det franske bondelaget (FNSEA) sende ut pressemelding der dei uttrykte lette, men samtidig uro for at EU-kommissær Malmström framleis har ambisjonar om å få avtala i hamn fyrste trimester av 2018. FNSEA ber franske politikarar halde oppe presset og ikkje godta ei avtale.

Den helsinga kan vi godt vidaresende til dei norske politikarane når EFTA og Mercosur går inn i viktige forhandlingar. Biff og bilar er ikkje heilt det same.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale