Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil lage fiskefôr av brunsnigelen

Gründer Aldona Petkeviciene treng hundrevis av kilo med brunsniglar til eit nytt forskingsprosjekt. Ho har sterkt tru på at den hata arten kan brukast til noko nyttig.

Næringsrik: Sniglekjøt inneheld protein, jern, feitt, kalsium, magnesium, fosfor, kopar, sink, vitamin A, B6 K og folat. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Sniglekjøt inneheld protein, jern, feitt, kalsium, magnesium, fosfor, kopar, sink, vitamin A, B6 K og folat. Derfor er han på mange måtar eigna som dyrefôr, seier Petkeviciene til , skriv Bergens Tidende.

Ho er opphavleg frå Latvia, men bur no i Os kommune.

• Les og: Nye plageånder på vei til et varmere Norge

No er ho i full gang med eit omfattande forskingsprosjekt for å finne ut om brunskogsnigelen kan brukast som fôr til atlanterhavslaks. Med seg på laget har ho fått Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES).

– Fôret kan også bli aktuelt for leppefisk, rognkjeks, kalkun og kylling.

Annonse

For å komme vidare i forskinga trengst 150 kilo sniglar. Desse skal frysast, kokast og malast – noko som vil gi om lag 30 kilo sniglemjøl.

Petkeviciene etterlyser no hageeigarar som har fått besøk av brunskogsniglane.

– Eg har allereie vore i fleire hagar og plukka. Mange ringjer og lurer på om eg kan komme på besøk, men i første omgang held eg meg nok til Os kommune. Og dersom dette blir ein suksess, og eg får samarbeida med fleire grupper og organisasjonar, kan det bli aktuelt å samle inn sniglar frå heile Hordaland, seier ho.

Neste artikkel

Sandberg i ny fiskefeide på Stortinget