Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utval vil halde på den lokale jaktretten

Bygdefolk skal ha førsteretten på å drive jakt i statsallmenningane og etter dei same grenseinndelingane som i dag – upåverka av kommunereform og EØS-avtale. Det er blant dei førebelse konklusjonane til statsallmenningsutvalet.

Verken kommunereforma eller EØS kjem til å rokke ved den lokale førsteretten til jakt i statsallmenningane, lover leiaren for statsallmenningsutvalet, Karl Arne Utgård. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

I verste fall kunne krava om likebehandling i EØS-avtalen tvinga fram nye reglar som gav alle EU- og EØS-borgarar lik rett til å drive jakt i statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg. Med det kunne òg den lokale føreretten ryke. Men det er ikkje nødvendig, meiner statsallmenningsutvalet snart halvvegs i utgreiingsarbeidet.

Utvalet har no avklart at dei i hovudsak vil vidareføre rettane for alle typar jakt og fiske i statsallmenningane slik dei er i dag. Den lokale førsteretten til elgjakta skal ikkje vatnast ut av kommunesamanslåingar, men følgje kommunegrensene slik dei var i 2015.

Statsallmenningane

26.200 km² statseigd utmark i Sør- og Midt-Noreg, mesteparten fjellområde.

Lokalsamfunna har frå gammalt av bruksrettar til mellom anna beite, seterdrift, reindrift, jakt, fangst og fiske i allmenningane, den såkalla allmenningsretten.

Regulert gjennom fjellova og statsallmenningslova

Lokalt forvalta av fjellstyra og allmenningsstyra

Sentralt er forvaltinga delt mellom statsføretaket Statskog, Landbruks- og matdepartementet, Landbruksforvaltinga og Miljødirektoratet.

Statsallmenningsutvalet

Utnemnd av Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet 4. mars 2015.

Hovudmålet er å forenkle og modernisere lovverk og administrasjon i statsallmenningane.

Utvalet skal mellom anna vurdere og klarleggje dei jordbrukstilknytte rettane, oppsyn, jakt, fiske og friluftsinteresser og korleis det lokale sjølvstyret kan styrkjast.

Utvalet har tolv medlemmer, dei fleste peika ut etter forslag frå organisasjonar og tiltak med bruksinteresser i statsallmenningane. Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård er leiar for utvalet.

Arbeidet skal munne ut i ein NOU med framlegg til ein samla lov for statsallmenningane i mars 2018.

EØS-avtalen kan likevel gjere at EØS-borgarar som arbeider i Noreg, må få den same jaktretten som utanbygdsbuande nordmenn, altså tilgang på jakt som blir til overs når dei lokale jegerane har forsynt seg.

EØS-justering

– Vi er ikkje heilt sikre på akkurat korleis vi landar, men vi kjem enten til å gå inn for å reservere jakta for dei som bur i landet, slik som i dag, men det kan òg vere at vi må justere det slik at EØS-borgarar som utøver dei fire fridommane, som det heiter – næringsverksemd og anna – har lik rett til å delta i jakt i Noreg, seier leiaren for statsallmenningsutvalet, høgsterettsdommar Karl Arne Utgård.

– Men det kjem ikkje til å gjelde EØS-borgarar generelt. Det er ikkje snakk om å sleppe til alle svenskar som ønskjer å jakte i Noreg, men at ein svenske som bur fast i Skåne og vekependlar til arbeid i Oslo, kan få denne retten.

Les også: Dårligste elgjakt på 27 år

Liknande ordningar har dei mellom anna i EU-landa Danmark og Sverige.

Utgård strekar under at utvalet vil halde fast på den lokale førsteretten for jakt med hund til småviltjakt og likeins retten til villreinjakt og elgjakt.

Gamle kommunegrenser

Lovutvalet er innstilt på at kommunereforma og nye kommunegrenser ikkje skal få noko å seie for jaktretten for bygdefolket i statsallmenningane. For elgjakta vil utvalet låse definisjonsgrensene for kven som er å rekne som innanbygdsbuande, til kommunegrensene slik dei var i oktober 2015. For jakt på småvilt og villrein og for fiske er utvalet innstilt på å vidareføre førsteretten etter kommunegrensene frå 1956.

Les også: Ny studie: Dette er den norske jegeren

– Enten dei bur i Nord-Gudbrandsdalen eller Folldal er det viktig for folk å kunne jakte i statsallmenningen til ein rimeleg pris, seier Utgård.

Dei hevdvunne, historiske rettane for innanbygdsbuande bør stå fast uavhengig av eventuelle nye kommunegrenser, meiner utvalet.

Opnar for nydyrkingsrett

Annonse

Heller ikkje for bruksrettane som ligg til landbrukseigedommar frå gammalt av, legg statsallmenningsutvalet opp til dei heilt store endringane. Men ei endring som jordbruket truleg kjem til å helse velkommen, er at utvalet vil innføre rett til å ta opp dyrkingsjord i allmenningane, altså rett til nydyrking.

Les også: Elgjakt gir bedre helse

– Det har til no ikkje vore rekna som ein allmenningsrett, men vi er innstilte på å innføre det som ein allmenningsrett, seier Utgård.

– Det er viktig å sikre at gardsbruka har den hevdvunne retten dei har. Vi vil ikkje ta bort nokon rettar, for å seie det slik. Tvert imot vil vi prøve å tilføre nye rettar som er i takt med samfunnsutviklinga.

Meir lokal styring

Administreringa av statsallmenningane er temaet på det neste utvalsmøtet i april, men alt no er det klart at utvalet ser for seg ei reindyrking av styringsfunksjonane. Det kan bety at Statskog får ei meir reindyrka rolle som grunneigar i allmenningane, og at departementa i hovudsak får ei meir vanleg lovgivarrolle, men ikkje minst at styringa i stor grad blir forankra lokalt.

– Vi vil skyve så mykje styring som vi kan, til det lokale nivået. Vi tenkjer oss at det lokale nivået skal styre det meste bortsett frå det som har med staten som grunneigar å gjere, seier Utgård.

Utvalsleiaren strekar samtidig under at det er mange som skal ha eit ord med i laget i ein statsallmenning, og at fleire løysingar kan vere aktuelle.

– Vi ønskjer òg å flytte ein del inntekter til det lokale nivået, slik at statsallmenningane får litt større økonomi og auka evne til å gjennomføre ting, seier Utgård.

Med dei nye reglane skal det dessutan bli lettare for bygdelaga og rettshavarane å skape fleire inntekter lokalt. Pengane skal gi dei lokale styra auka evne til å leggje til rette for friluftsliv, enten det er opparbeiding av stiar, gapahukar eller utarbeiding av lokale kart.

Statsallmenningsutvalet skal leggje fram utgreiinga si med framlegg til ny statsallmenningslov i mai 2018.

Neste artikkel

Dette skal du gjøre om du kjører på storvilt