Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Småkraftforeninga vil ha fleire utanlandske eigarar

Småkraftforeninga vil at utanlandske eigarar skal kunne kjøpe seg inn i store vasskraftverk.

– Det offentlege Noreg bør ha full kontroll over vassfalla, men stå fritt til å leige vassfallet ut til den dei vil. Dette er truleg det kommersielt beste både for kommunale falleigarar og selskapa som skal drive kraftverka i leigeperioden, seier leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit til Dagsavisen.

Utlendingar har alt kjøpt seg opp for mellom 7 og 8 milliardar i dei i alt 1242 norske småkraftverka dei siste åra..

Dei store kraftverka, nesten 140 totalt, er i hovudsak ått av Statkraft, norske kommunar og fylkeskommunar. Konsesjonsvilkåra gjer at private eigarar berre kan eige ein tredel av selskapa.

Les også: Grunneigarklage om kraft avvist av Høgsterett

Annonse

Det er den avgrensinga Småkraftforeninga, ifølgje Dagsavisen, meiner må bort.

– Sjølve vassfalla bør vere ått av det offentlege, slik det er i dag. Men kommunar og fylkeskommunar ville truleg har mykje å hente på å stå fritt til å leige ut vassfalla til den som betaler best, seier Tveit til Dagsavisen.

Han understrekar at Småkraftforeninga meiner det langsiktige eigarskapet til vasskrafta skal vere på norske hender, noko som heimfallsretten sikrar. Etter ein avtalt periode vil retten til å eige og drive sjølve kraftverket gå tilbake til det offentlege.

Neste artikkel

Ulike postnummer, like muligheter