Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjukepleiarforbundet: – Kritisk mangel på sjukepleiarar

Behovet for fleire sjukepleiarar er så prekært at det går på tryggleiken laus for både pasientar og tilsette, meiner Norsk Sykepleierforbund.

Geriatrisk sjukepleiar Wenche Remme(52) jobbar på Sollia Bo- og servicesenter i Skiptvet. I 2026 vil Østfold trenge 28 prosent fleire sjukepleiarar enn i dag. No slår Sjukepleiarforbundet alarm. Foto: Mariann Tvete

Nye tal frå arbeidsgjevarbarometeret til kommunane viser at sjukepleiarar utgjer under 20 prosent av dei tilsette på kvar fjerde sjukeheim og i heimesjukepleia. Samtidig meiner åtte av ti leiarar at det ikkje er tilstrekkeleg økonomi til å ta vare på behovet for fagutvikling blant personalet.

Det er alvorleg, meiner leiar i Sjukepleiarforbundet Eli Gunhild By.

– Den store mangelen på sjukepleiarar er ei stor utfordring både når det gjeld pasientsikkerheit og helsa til dei tilsette. No må politikarar og arbeidsgivarar skjønne at det er lønn, gode arbeidstidsordningar og gode fagmiljø som er løysinga, seier By til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Annonse

Betre lønns- og arbeidsvilkår må til for å betre rekrutteringa, meiner forbundsleiaren, som viser til at det kvart år blir lyst ut 4.000 sjukepleiarstillingar som ikkje får ein einaste søkjer.

– Vi vil ikkje sjå noka betring før vi får eit løft. Det må blir satsa på betre lønns- og arbeidsvilkår, meiner By.

Neste artikkel

Fri flyt og medisinsk turisme