Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Russarlaks på besøk i Ørstaelva

I Ørstaelva på Sunnmøre har det i sommar vorte tatt fleire eksemplar av svartelista pukkellaks med opphav i Russland, skriv Sunnmørsposten.

Det er tatt fire pukkellaks i Ørstaelva i sommar. Stillehavsarten er svartelista i Noreg. Foto: U.S. Fish and Wildlife Service

– Vi kallar dei spionar, og desse vil vi ikkje ha i elva! seier styremedlem Sindre Moe i Ørstaelva elveeigarlag til avisa.

Fire eksemplar av den framande arten er tatt i Ørstaelva så langt i sommar.

• Les også: Flere storlaks enn på mange år

Også i andre elvar på Vestlandet er det meldt om fangstar av pukkellaks i sommar, mellom anna i Oselvo i Hordaland og Dirdalselva i Rogaland.

Laksearten, som eigentleg høyrer heime i Stillehavet, vart sett ut i fleire vassdrag på Kolahalvøya mot slutten av 1950-talet, og på byrjinga av 1960-talet fanst han ein kort periode i talrike mengder langs kysten av Nord-Noreg. Fram til tusenårsskiftet har han derimot vore meir sjeldan å sjå langs norskekysten. Men på byrjinga av 2000-talet vart det igjen tatt pukkellaks i fleire elvar i Finnmark, og han har vorte fanga så langt sør som i Drammenselva (2013).

Annonse

• Les også: En tidel av villlaksen dør av lakselus

Artsdatabanken vurderer pukkellaksen som ein høgrisikoart og ein trussel mot det biologiske mangfaldet i Noreg.

Laksefisket i Ørstaelva har elles vore bra i juni med ein samla fangst på rundt 200 fisk, den største på 12 kilo.

Neste artikkel

Vil framskynde jakta etter invasjon av grågås