Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye styremedlemmer ved NMBU

Kunnskapsdepartementet har utnemnt nye styremedlemmer for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) for perioden 1. august 2017 til 31. juli 20121.

Mari Sundli Tveit er rektor ved NMBU. NMBU-bygget sjåast i bakgrunnen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Departementet har utnemnt Siri Hatlen som styreleiar og Marianne Harg, Per Holten-Andersen og Petter Arnesen som styremedlemmer. Hanne Refsholt og Olav Eik-Nes er varamedlemmer. Hatlen og Harg sit også i dagens styre.

– NMBU skal i kommande styreperiode gjere seg klar til å samle verksemda på Ås og å ta i bruk nye bygg. Desse medlemmene gir både kontinuitet, nye impulsar og erfaringar frå utlandet, og eg set stor pris på at dei vil bruke kompetansen sin til beste for NMBU. Eg er også glad for at Siri Hatlen vil leie styret i ein ny periode, og for at desse personane vil vere med på å vidareutvikle universitetet. NMBU har utdanning og forsking som er svært viktig for å møte dei utfordringane vi står overfor, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Annonse

Mari Sundli Tveit vart i mars tilsett som rektor ved universitetet.

Neste artikkel

Vil framskynde jakta etter invasjon av grågås