Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nærare 700 deltakarar på Landsfestivalen

26.–30. juli gjekk Landsfestivalen i gammaldansmusikk av stabelen i Oppdal. Den gjævaste konkurransen, gruppespel, vann Lendmenn frå Oppland.

Den gjævaste konkurransen, gruppespel, vann Lendmenn frå Oppland. Foto: Runhild Heggem

Landsfestivalen har blitt arrangert sidan 1986 og er eit årleg arrangement som Folkorg eig og som blir arrangert av ulike lokallag kvart år.

Saman med Folkorg inviterte Oppdal Spell- og dansarlag i år til Landsfestivalen, som er Noregsmeisterskapen i gammaldans.

Landsfestivalen starta onsdag 26. juli med opningskonsert og dans utover kvelden. Tevlingane starta torsdag morgon, og det var totalt 686 deltakarar fordelt på 127 startnummer med i dei 13 ulike klassane.

Lendmenn, med medlemer frå Lalm, Garmo og Skjåk, gjekk av med sigeren i gruppespel. I klassen for lagspel fele/hardingfele stakk Sør-Fron spelemannslag av med sigeren, og Lom toradargruppe fekk førsteplassen for lagspel durspel/trekkspel. Lystringen, med medlemer frå Jostedal spel- og dansarlag, vann lagdansen.

Annonse

Solistklassane vart vunne av Roger Slåstuen frå Mukampen spel- og dansarlag (fele/hardingfele), Sjur Hovden Borge frå Gol Spel- og dansarlag (durspel senior) og Mads Erik Odde frå Lom spel- og dansarlag (andre instrument senior). Andreas Bjørkås og Kristin Gravaune vann open klasse.

I byrjinga av august neste år blir Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangert i Skjåk i Oppland.

Neste artikkel

Julerushet er i gang for postens detektiver