Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mistanke om nytt tilfelle av skrantesjuke

Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om mistanke om eit nytt tilfelle av skrantesjuka hos ein villrein i Nordfjella.

No er det mistanke om nok eit tilfelle av sjukdommen hos reinsdyr i Nordfjella. Illustrasjonsfoto: Micke Breding / mostphotos

Fjellområdet strekker seg over seks kommunar i Hordaland, Buskerud og Sogn- og Fjordane.

– Dyret blei felt under ordinær jakt, som eit ledd i den nasjonale aksjonen for å bli kvitt den dødelege sjukdommen. Tidlegare i haust har det blitt funne to andre tilfelle av skrantesjuke hos villrein i same område, opplyser Mattilsynet.

Mattilsynet gjekk 19. april inn for å avlive heile villreinstammen på rundt 2.200 dyr i Nordfjella, der skrantesjuka er påvist, for å hindre smitte. 8. mai gav landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) si tilslutning til anbefalinga. Dale sa då at det kanskje var den vanskelegaste avgjerda han har tatt som landbruksminister. Så langt i år er det felt 600 villrein i området.

– Vi er ikkje overraska over at det no er varsla om ein ny mistanke. Vi har forventa å finne fleire smitta villrein i Nordfjella og rettar ein stor takk til jegerar og andre som gjer ein enorm innsats i desse dagar, seier Kristin Ruud Alvseike, seniorrådgivar i Mattilsynet.

Annonse

Skrantesjuke er dødeleg for hjortedyr, men har aldri smitta til menneske. Tidlegare i månaden gjekk ordførarane i fleire kommunar ut og protesterte mot nedskytinga av villreinstammen i Nordfjella.

– Veldig mykje står på spel. Å skyte ned alle dyr i løpet av vinteren er ikkje ein god modell, sa ordførar Noralv Distad i Aurland kommune i Sogn og Fjordane til NRK. Han kravde saman med sine kollegaer eit møte med landbruksministeren.

Neste artikkel

Grisete avsløringer om juleribba