Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mindre utviklingsmidlar til fylkeskommunane

Eit kutt på vel 250 millionar kroner på posten for regionale utviklingsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2017 betyr svekt næringsutvikling i Distrikts-Noreg, meiner fylkesordførar.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa eit kutt på vel 250 millionar kroner på posten for regionale utviklingsmidlar. Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB Scanpix

– Dei nye fylka skal fylle samfunnsutviklarrolla. Da er det underleg at denne rolla blir undergraven i statsbudsjettet, seier fylkesordførar Tore Sandvik i Sør-Trøndelag i ei pressemelding frå kommuneorganisasjonen KS.

Kuttet svaret til om lag 30 prosent av det fylkeskommunane i dag får i regionale utviklingsmidlar, ifølgje KS. Pengane går til å fremje næringsliv i spreittbygde område og i område med særlege distriktsutfordringar.

Annonse

– Nærings- og samfunnsutviklinga i heile landet blir svekt med kuttet i dei regionale utviklingsmidlane i statsbudsjettet, seier Sandvik, som òg er leiar for fylkesordførarkollegiet.

Neste artikkel

Om å sparke nedover