Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir pærebrann på Sunnmøre

Mattilsynet har påvist enda eitt utbrot av plantesjukdommen pærebrann på Sunnmøre, denne gongen i Herøy kommune. Det er òg mistanke om pærebrann i nabokommunen Sande.

Bulkemispel er ei versting når det gjeld pærebrann i Noreg. I fjor var det eit stort utbrot i Vest-Agder, som gjorde at Mattilsynet ville fjerne alle disse plantane i fylket. Foto: Morten Gunther

Herøy kommune er dermed fjerna frå lista over pærebrannfrie område i Noreg, opplyser Mattilsynet. På den lista står òg Sande kommune.

Tidlegare i haust er det påvist pærebrann fleire stader på Sør- og Vestlandet, i Møre og Romsdal er bakteriesjukdommen påvist i Haram, Giske, Ålesund og Misund. Alle desse funna er no sanerte.

Også i Herøy vil Mattilsynet no sørgje for å få kartlagt og rydda vekk dei smitta prydbuskane, i hovudsak bulkemispel, men òg krypmispel.

Annonse

Både bulkemispel og krypmispel er svartelista artar i Noreg.

Neste artikkel

Geiter skal beite under kraftleidningar