Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jensen nektar å gi kommunekompensasjon for skattetap

Framstegsparti-leiar Siv Jensen vil ikkje gi kommunane kompensasjon for tap av eigedomsskatten som partiet lover å fjerne om dei får halde fram i regjering.

Leiaren i Framstegspartiet, Siv Jensen, vil ikkje gi kommunane kompensasjon for tap av eigedomsskatten som partiet lover å fjerne om dei held fram i regjering. Her frå oppsummeringa av det politiske halvåret i Oslo i juni. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Kvifor skal kommunane kompenserast? No er vi i ein situasjon der mange av kommunane som krev inn eigedomsskatt, går med solide overskot, seier Jensen til Dagens Næringsliv.

Frp-leiaren forsikrar likevel om at dette ikkje er noko som kjem til å skje «over natta», men over ein tilpassingsperiode. Ho meiner fleire kommunar som drar inn eigedomsskatt, gjer det fordi dei har prioritert feil, som å bruke pengane på store kulturbygg for så å måtte kutte i velferd og skole.

Styreleiar Gunn Marit Helgesen i kommuneorganisasjonen KS synest det er ein sterk påstand.

– Eg har ikkje sett nokon kommunar som flår innbyggjarane med eigedomsskatt for å bruke pengane på svulstige prosjekt som ingen vil ha. Det er ein sterk påstand og for svart-kvitt, seier Helgesen.

Annonse

Jensen er likevel klar på at ho ikkje er tilhengar av nullskattytarar, men meiner dei rikaste bidrar nok.

– Dei betaler bedriftsskatt, inntektsskatt, forbruksskatt. Dei betaler arbeidsgivaravgift. Det er ikkje sånn at dei ikkje bidrar til statskassa.

I fjor fekk kommunane som har eigedomsskatt, inn 12,3 milliardar kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Neste artikkel

Lokalaviser fryktar nye postreglar