Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelaget klagar på ulvekvote

Norges Bondelag meiner kvoten for lisensfelling av ulv i Osdal-, Julussa- og Slettåsrevira er for liten til å utslette dei tre flokkane og klagar kvotevedtaka inn for Klima- og miljødepartementet.

Lisenskvoten må opp om ein skal nå målet om å utrydde Osdal-, Julussa- og Slettåsrevira, meiner Bondelaget og har klaga på vedtaket i rovviltnemndene. Foto: Janet Haas / The Nature Conservancy

Rovviltnemndene i Hedmark og Oslo, Akershus og Østfold vedtok i juni lisensfelling av totalt 36 ulvar i og utanfor ulvesona kommande vinter.

Mellom anna gjekk nemndene inn for å felle alle ulvane i Osdalsreviret, Julussareviret og Slettåsreviret og har sett av ein kvote på 24 dyr til dette. Men det talet meiner Bondelaget er for lågt.

– Sist vinter registrerte Rovdata 27–28 dyr i desse tre revira. Vi meiner derfor at kvoten for lisensfelling må aukast, og har derfor klaga på den delen av vedtaka frå rovviltnemndene, seier Einar Frogner i Bondelaget.

Bondelaget meiner lisenskvoten for dei tre revira må aukast til 33 dyr for å sikre at alle kan takast ut.

Annonse

Bondelaget ber samtidig regjeringa vurdere å utvide fellingsperioden 1. januar til 15. februar, som dei meiner er for kort til å gjennomføre uttaket.

Rovviltnemndene skal behandle klaga frå Bondelaget 23. august før ho går vidare til departementet.

Neste artikkel

Det kan likevel bli full ulvejakt i vinter