Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

15 år i teneste for kulturminne

Sidan starten i 2003 har over 4000 eigarar av kulturminne fått støtte frå Norsk kultur-minnefond. I år har dei meir pengar enn nokon gong å fordele, likevel klarer dei langt frå å hjelpe alle.

Røros: Kulturminnefondet held til sentralt i verdsarvbyen Røros, der fondet har hatt kontor sidan starten i 2003. Foto: Kulturminnefondet

Det europeiske kulturarvåret 2018 kunne ha vorte det første året i den 15 år lange historia til Norsk kulturminnefond med kutt, men i budsjettforliket vart det meir pengar enn før til istandsetjing av private kulturminne.

I staden for eit kutt på 11,1 millionar kroner, slik regjeringa foreslo i framlegget til statsbudsjett, får Kulturminnefondet auka tilskotet med 8,3 millionar til 112,2 millionar kroner i 2018.

Les også: Raser over kutt i støtten til kulturminner

– Det er ein vekst som fører til at vi har meir pengar å fordele i 2018 enn nokon gong før, seier direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet.

I 2013 fekk kontoret på Røros 630 søknader, i 2017 over 1100, og i år reknar Bjørgen med at fondet kjem til å behandle over 1500 søknader. Av dei må ein god brorpart rekne med avslag.

Norsk kultur- minnefond

Statleg fond oppretta i 2003 med administrasjon på Røros, 17 tilsette.

Gir støtte til istandsetjing av verne-verdige kulturminne og kulturmiljø.

Frå 2013 statleg forvaltingsorgan finansiert over statsbudsjettet etter at fondet vart avvikla på grunn av låg avkasting.

Statstilskot i 2018: 112,2 millionar kroner.

Søknader i 2017: 1106 søknader på til saman 325 millionar kroner.

Les også: Ber staten ta meir av arkeologi-utgiftene til bønder

Dobbelt så mange får

– Sjølv om vi i dag har pengar til dobbelt så mange prosjekt som i 2013, må vi seie nei til mange gode prosjekt, seier Bjørgen.

Fire av fem stønadsmottakarar seier at dei aldri hadde gått i gang med oppussinga utan støtte, sjølv om støtta i gjennomsnitt utgjer mindre enn ein tredel av totalinnsatsen. Ein del av dei som får avslag, gir seg likevel ikkje så lett og søkjer på nytt.

– Vi rår dei som får avslag, til å sjå om det går an å forbetre søknaden, gjerne i samråd med rådgivarane i Kulturminnefondet eller kulturminneansvarlege i kommunen eller fylkeskommunen. Sjansen for å få tilsegn er dobbelt så stor for dei som søkjer på nytt, seier Bjørgen.

Les også: Bevaring av kulturminner skaper milliardverdier

Dugnadsprosjekt

Mens Riksantikvaren har ansvaret for freda kulturminne, tar Kulturminnefondet seg av det Bjørgen kallar «kvardagens kulturminne», privateigde bygningar og anna som ikkje er freda, men likevel verneverdige. Fondet gir tilskot til dei som sjølve er klare til å gjere ein innsats.

– Målet med Kulturminnefondet er å prøve å løyse ut ein større privat innsats i bevaringsarbeidet, slik at dei statlege kronene strekkjer seg enda lenger. Alle som får støtte frå oss, må bidra sjølve med eigne midlar eller eigeninnsats i prosjekta, seier Bjørgen.

Eit anna viktig mål for fondet er vern gjennom bruk.

– Det er viktig for oss at eigaren har planar om ein framtidig bruk av kulturminnet, at det blir tilgjengeleg for allmenta. Det kan til dømes bli kafé eller kulturscene. Det kan til og med bli opera, slik som i Bygstad i Sogn og Fjordane, der Åmot Operagard har vorte ei perle.

Det er ein vekst som fører til at vi har meir pengar å fordele i 2018 enn nokon gong før.

Annonse

Les også: Stortinget vraker regjeringens kulturminnepolitikk

Geografi og mangfald

Det første tiåret var det særleg kulturminneeigarar i innlandsfylka og på Nord-Vestlandet som naut godt av støtte frå Kulturminnefondet. Den skeive geografiske fordelinga har fondet dei siste åra prøvd å rette opp ved å spreie tildelingane meir utover landet. Men søknadsbunken kan dei likevel ikkje styre.

– Dei områda vi får mest søknader frå, er særleg Oppland, dernest Trøndelag. Meir utfordrande er det med kulturminne i byar og tettstader og i dei nordlegaste delane av landet, særleg Finnmark og Troms, seier Bjørgen.

Sjølv om rundt 80 prosent av prosjekta som får støtte frå Kulturminnefondet, dreier seg om istandsetjing av bygningar, er det òg rom for mykje anna. Om lag 5 prosent av tilskota går til verneverdige skip og båtar. Resten er ymse.

– Vi har til dømes vandringsstiar og pilegrimsleier, og da særleg prosjekt langs pilegrimsleiene. I det siste har òg interessa for historiske hageanlegg komme veldig. Vi får fleire og fleire søknader på istandsetjing av hagar, fortel Bjørgen.

Prakteksempelet er hagen på Hovelsrud gard på Helgøya i Mjøsa, som fekk EUs kulturvernpris i 2014.

Les også: Ber Dale kome på banen i arkeologi-strid

Eig du eit kulturminne?

Søkjartala tyder på at kjennskapen til Kulturminnefondet er aukande. Stadig fleire veit at dei kan få pengar til istandsetjing av bygningar og anna som er verdt å ta vare på.

– Men det største problemet er ofte at folk ikkje veit at dei faktisk eig eit kulturminne, seier Bjørgen.

– Mange tenkjer på kulturminne som stavkyrkjer eller klyngetun frå mellomalderen, men vi får no søknader om støtte til bygningar som er sette opp etter krigen. Den delen av kulturarven er òg viktig å ta vare på. Det er viktigare at verneverdien er lokalt forankra enn at kulturminnet har ein spesiell alder.

Om søknadsbunken veks like mykje som Bjørgen ventar i år, passerer òg det samla søknadsbeløpet 400 millionar kroner. Da er det berre éin av fire søkarar som får.

– Eg skulle ønskje at politikarane hadde tid til å komme opp hit til Røros og vere med den vesle administrasjonen vår og sjå gjennom dei fantastiske søknadene som vi får. Det er veldig vanskeleg å seie nei, for det er veldig mykje positivt engasjement, seier Simen Bjørgen.

Neste artikkel

Strengare kontroll mot ulovleg sal av kongekrabbe