Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Veljarane vil neppe ha talfesta økomål

Økomål: Veljarane vil truleg ikkje ha talfesta økomål, skriv Kristen Fretheim. Foto: Siri Juell Rasmussen

Regine Andersen, Oikos, bruker tid på meg i Nationen 1. april. Namnet Trump blir nemnd – er innlegget ein aprilspøk? Eg kan ikkje vera sikker. Derfor:

Andersen kritiserer meg for feil bruk av forbrukarstatisitikk. Eg tok mellom anna tak i følgjande i ein kronikk ho skreiv (Nationen, 21. februar): «…en undersøkelse fra YouGo som ble presentert tidligere i måneden [viser] at 45 prosent av forbrukerne sier de velger økologiske varer som regel, så sant det er tilgjengelig. I tillegg velger 16 prosent av forbrukerne økologisk av og til. Å hoppe av økosatsningen nå ville være i utakt med velgerne.»

1. Å «være i utakt med velgerne» betyr å ha veljarfleirtalet imot seg - eit fleirtal Andersen reknar seg til ut frå nemnde forbrukarstatistikk. 2) YouGo spurde forbrukarar om dei vel økologiske varer; dei spurde ikkje veljarar om deira syn på eit politisk talfesta mål for økoarealet i Noreg. Lesarane av Nationen kan sjølve dømme om kven som har misbrukt forbrukarstatistikk verst.

Eg skreiv den openberre meiningsytringa «berre preik» om utsegna «økologisk produksjon kan … bidra til at norsk jordbruk blir mer miljøvennlig og berekraftig» i jordbruksmeldinga. Dette er mitt kunnskapsbaserte argument:

Regjeringa Solberg stør seg i utsegna ovanfor på ein vitskapeleg rapport frå Nibio; regjeringa Stoltenberg II henta tilsvarande inn eit vitskapeleg notat frå Bioforsk (nå del av Nibio) til jordbruksmeldinga av 2011. Men: Utan at vesentlege, nye moment kom fram på dei fem åra, har dei to dokumenta – med ulike forfattarar – motsett konklusjon m.o.t. betydningen av økojordbruket for det konvensjonelle.

I 2011 såg departementet bort frå notatet dei hadde fått; denne gongen valde dei – slik eg vurderer dei to innspela – feil dokumentasjon.

Andersen viser i innlegget sitt til at fleirtalet av parti på Stortinget går inn for eit talfesta økomål, men ho kan ikkje vite om fleirtalet av representantar har eit slikt syn – og slett ikkje kva veljarane meiner. «Statistikken» hennar blir i overskrifta til at «Velgerne vil ha et tallfestet økomål».

Annonse

Eg er forsiktigare i mi overskrift for heller ikkje eg har noko solid talunderlag. Men eg trur innsikt og sunn fornuft hos eit klart fleirtal av nordmenn inneber at dei er mot eit politisk mål mål som

• vil redusere avlinga på store areal med opptil 50 %, men

• er utan gevinstar for helse eller miljø (solid vitskapeleg dokumentasjon, Andersen!); som

• vil koste tresifra millionbeløp årleg (bønder må lokkast/pressast til å dyrke økologisk, forbrukarar – særleg offentlege – til å eta dyrare økomat)

• og dermed tydeleggjera ei sløsing med offentlege middel som jordbrukarar og deira sympatisørar (deriblant eg) ikkje bør undervurdere signaleffekten av.

Eg set min lit til at KrF støttar regjeringa og får skrota økomålet.

Neste artikkel

Ta jula tilbake med ekte juletrær