Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Uetisk villreinslakting

Nordfjella: Frå villreinjakta i Nordfjella. Foto: NTB scanpix

Den omstridde fellinga av heile villreinstamma i Nordfjella i eit forsøk på å stanse skrantesjuka, går til tider føre seg på ein uetisk og kritikkverdig måte i strid med slik felling av ville dyr skal føregå etter viltlova og retningsliner for dyrevelferd. Bruk av snøskuter og helikopter for å kome seg fram til området er forsåvidt forståeleg for å effektivisere uttaket. Men motorisert ferdsel på bakken og i lufta heilt innpå vilreinflokkane, og til og med felling av dyr frå helikopter, er stikk i strid med dyrevelferd og sunn jaktmoral , og med det heilt uakseptabelt, sjølv om det er eit argument for effektivitet og kapasitet.

Det seier det meste når også erfarne villreinjegerar tek til motmæle mot ei slik form for avliving av ville dyr.

Annonse

Ikkje nok med statleg styrt dyrplageri i samband med nedslakting av villreinen i Nordfjella. Dette toppar seg også når det blir kjent at villrein i NINA sitt forsøksprosjekt har store og tunge snø- og isklumpar i dei påmonterte klavane, noko som i verste fall har ført til at enkelte dyr har bukka under.

Neste artikkel

Ikke godt nok forberedt