Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

TV2 må òg ha samisk

Ansvar: Samisk språk må vere synleg også utanfor dei samiske områda, skriv Magne Aasbrenn i Noregs Mållag. Foto: Ketil Blom Haugstulen

I september var det klart at TV2 er einaste TV-kanal som har levert inn søknad til Kulturdepartementet om å få det kommersielle allmennkringkastingsoppdraget. Søknaden baserer seg på utlysing frå Kulturdepartementet. I denne utlysinga vert det peika på at kanalen som søkjer kan velje fem programområde dei skal satse på for å sikre sjangermessig breidde.

Kampanje.com har meldt at TV2 har valt å droppe samiske program i sine satsingsfelt. I dei viktige forhandlingane mellom Kulturdepartementet og TV2 om det kommersielle allmennkringkastingsoppdraget burde ikkje dei gje opp samisk så lett. Noregs Mållag meiner at TV2 ikkje bør få lov til å droppe samiske program i den nye konsesjonsperioden det no vert forhandla om.

Dersom til dømes TV2 legg ut sine samiske program berre på nett-TV på TV2 Sumo, vil det likevel har mykje å seie for samisk i det daglege. Både i grunnskulen og lenger oppe i skuleløpet vil eit slikt tilbod bli svært mykje brukt. Teksting på eitt eller fleire av dei samiske språka vil vere eit positivt tilskot. Teknologien ligg til rette for dette. I den nye, overordna delen av læreplanen som blei vedtatt i haust blir det slått fast at alle elevar i landet skal lære om samisk historie, kultur og samfunnsliv.

Annonse

Eit TV2 heilt utan samisk er ikkje god og moderne språkpolitikk. Samisk språk må òg vere synleg utanfor dei samiske områda. Mållaget vil oppmode både TV2 og Kulturdepartementet til å sjå på saka ein gong til. TV2 er heile Noreg sin TV-kanal, og det er utruleg viktig at TV2 tek ansvar også for det samiske.

Neste artikkel

Det vi ikkje har snakka om