Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slagordprega landbruksdebatt

Treng pengar: Bøndene treng pengar for arbeidet sitt for å sikre kulturlandskap og levande bygder. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det er merkeleg kor slagordprega og lite konkret landbruksdebatten er. Mange gonger må eg spørja meg: Kva var det som var bodskapen i det eg nett las, eller kva er vitsen med å skriva eit innlegg som berre er eit spørsmålsteikn og ikkje peikar ut ei løysing på problemstillinga?

Det verste er politikarar som kjem med forvrengde framstillingar av fakta. Som når landbruksministeren skuvar sjukepleiarar og røyrleggjarar framføre seg når han peikar på kven som må betala det som bøndene vil ha i inntektstillegg. Kvifor får han då ikkje motspørsmålet: Kor lenge og kor mykje må bøndene vera underbetalt for at andre skal få billeg mat? Er det ikkje eit rettferdskrav at ei yrkesgruppe som bøndene har om lag same økonomiske vilkår som gjennomsnittet av andre yrke?

Nationen har på leiarplass 23. mai ein påstand om at bøndene må få eit tilbod på 850 millionar for å få ein moderat start på reduksjonen av inntektsgapet. Har nokon i Nationen rekna på kor lenge det då vil gå før inntektsgapet er tetta? Kvifor har ingen sett spørjeteikn ved formuleringa i den nye jordbruksmeldinga om tidsbruken for inntektsutjamninga?

Det vert skrive at landbruket ligg 180.000 kroner etter gjennomsnittsinntekta. Kor lenge skal det vara? Og kor mykje har bøndene subsidiert resten av samfunnet dei siste 10 åra ved å vera underbetalt? Ser ein på totalbudsjettet for landbruket so er det ein ytterlegare manko på 100.000 kroner.

Annonse

Stortinget bør mana seg opp til å setja ein tidsfrist for kor snart bøndene skal verta jamstelte. I den teoretiske modellen for jordbruksinntekter der me ligg åtte milliardar bak, vil det med ein opptrappingsplan på fem år krevast eit jordbruksoppgjer på ca. to milliardar i året. Den mørkeblå regjeringa har greidd 25 milliardar i skattelette til dei rikaste på fire år, so det er ikkje noko krevande oppgåve for Stortinget å setja eit slikt mål og å nå det.

Men det er ingen som vil setja eit slikt mål. Sjølv ikkje jordbruksorganisasjonane. Dei vil berre halda på med sitt tåkeprat om matsikkerheit, levande bygder og kulturlandskap.

Det er pengar me treng for arbeidet vårt. Både kulturlandskap og levande bygder vil då vera sikra, og so får me ein god del mat som eit biprodukt av dette.

Neste artikkel

Kari Gåsvatn: Nedkjølt klode uten mat