Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Seriøst om ulv?

Urbane overflodskvinner slepp til med mykje rart.

Kjøt: Ettertrakta og sunn vare, skriv innsendaren. Foto: Yngve Rekdal

Nationen får av dyrevernar Berit Helberg så hatten passar. Avisa trykker villeiande innlegg om ulv! Sjølv refererar ho «fakta frå offentlige etater», som vi alle veit er 100% vasstett informasjon. Vi har fått eit aukande antal skriveføre kvinner, som forkynner natur- og dyrevern, iblanda vegetarianisme og antikjøt-haldningar. Nationen har stor takhøgde i si lesarspalte, og trass i at haldningane ikkje er på linje med avisa, trykker dei ofte innlegg frå dette miljøet. Avisa slepp også til skribentar med eit anna syn på ulv, dyrehald og matforsyning enn urbane overflodskvinner, men vert då stempla som useriøse.

Eg gjentek frå tidlegare innlegg at kjøt og animalsk føde generelt er ein viktig og naturleg del av mennesket sin diett. Planter kan ikkje levera same protein- og feittkvalitet, men i staden eit overskot av karbohydrat. Dei som trur at mennesket har utvikla sin unike hjerne på plantekost, manglar ein del biokjemisk kunnskap. Mange hundre millionar menneske er nær vegetarianarar – ufriviljugt. For dei er kjøt ei kostelig vare dei gjerne vil ha meir av.

Annonse

Mange hundre millionar menneske er nær vegetarianarar – ufriviljugt.

Forfedra våre klarte å utrydde ulv og bjørn, dei største konkurrentane i det animalske matfatet. Å verna buskapen var første prioritet, uvitande som dei var om grønsakene sine velsigningar. Dette vil dyrevernarane reversera, og igjen overlata norsk utmark til store rovdyr. Så får vi heller byte ut pinnekjøtet med bønnestuing på julaftan. Kantarellgrateng kunne jo vore eit godt alternativ, men soppturane vert truleg avlyste grunna frykt for ulv og bjørn.

Vidare skriv Helberg at kjøt er uheldig for helsa. Dette er ein myte som har fått spreie seg, og som svært mange godtek utan å tenke over saken. Eg siterer dr. Salim Yusuf, som konkluderte eit føredrag om den store PURE-undersøkinga med følgjande ord; «When you have a hamburger – eat the meat, and throw away the bun». Danskane et monaleg meir kjøt enn oss (og drikk også meir alkohol), men er temmelig samanliknbare når det gjeld helseparametrar i befolkninga. Eg vonar dei som er for ulv og anti kjøt er så seriøse at dei ikkje held hund eller katt. Eller fôrer dei også desse på plantekost?

Neste artikkel

Færre sauer drept av rovvilt