Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sal av småfekjøt

Brukbar: Lam bør spreiast utover butikkveka, skriv innsendaren. Foto: Colourbox.

Nationen har i det siste hatt mange oppslag om det dårlege salet av saue- og lammekjøt her i landet. Dette er det i høg grad grunn til å setja fingeren på. Her kan eg samanlikna med kva eg har sett på Island. I matvarebutikkane der finn ein eit rikhaldig utval av lammeprodukt, til dømes ulike slags marinerte stykke, klare til steiking. Her har me i Noreg utan tvil mykje å læra.

Elles er det sagt av kjennarar at sau er betre fårikålkjøt enn lam. Likevel er det berre fårikålkjøt av lam ein finn i butikkane, som eg har sett. Og vil ein kjøpa noko kjøtdeig til gryteretten, så finn ein berre deig av storfe i butikkane, ikkje deig av lam eller anna småfe. Medan krisa i sauenæringa er på det verste, køyrer butikkane kampanjeprisar på kjøtdeig av storfe.

Her er utan tvil ein viktig jobb å gjera for heile næringa, og ikkje minst har kanskje Norsk Sau og Geit ei viktig oppgåve i å fremja sine produkt?

Annonse

Mykje av smaken og ikkje minst helseverdien ved småfekjøt ligg i at dyra har gått på fjellbeite eller anna utmarksbeite. Difor burde det finnast ei eiga merkeordning eller tilsvarande for småfekjøt produsert på utmarksbeite.

Neste artikkel

Tapt sak for Høyre