Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pass på kystkommunar

Senterpartiet meiner oppdrettsnæringa ikkje er eigna for ein kraftig grunnrenteskatt.

Sp vil ha ein skatt på oppdrettsnæringa som verken er for stor eller for liten. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Regjeringspartia har no fått med seg Ap og KrF på å greie ut mellom anna grunnrenteskatt og andre avgifter for oppdrettsnæringa.

I dag er det slik at 80 % av det oppdrettsnæringa betaler for vekst og nye konsesjonar går til kommunane og fylkeskommunane som har oppdrett. Desse midlane vert betalt inn til eit havbruksfond og fordelt ut igjen etter kor mykje oppdrett det er i dei einskilde kommunane.

Dette er ei gunstig og rettferdig ordning for kystkommunane. Kommunane der oppdrettet skjer må etter Sp sitt syn ha noko att for å gje oppdrettsnæringa areal. Senterpartiet fryktar at ordninga med havbruksfond blir gjort mindre god for kystkommunane gjennom den vedtekne utgreiinga.

Det er ingen tvil om at både Siv Jensen (Frp) sitt finansdepartement og enkelte andre politikarar meiner at ein for stor del av verdiane vert liggande att hos kommunane gjennom havbruksfondet. Dei vil ha pengane i statskassa.

Annonse

Senterpartiet meiner oppdrettsnæringa heller ikkje er eigna for ein kraftig grunnrenteskatt. Fiskeriminister Per Sandberg ville i Stortinget ikkje gi nokon peikepinn kor stor grunnrenteskatt ville kunne bli. Grunnrenteskatt er ein ekstra skatt som ein legg på enkelte typar næringar.

Olje og vasskraft har grunnrenteskatt i dag. Dette er produksjonar som normalt har høg verdiskaping, ikkje kan flyttast ut av landet og der ein utnyttar ein verdifull ressurs direkte. Oppdrettsnæringa er ikkje slik. Den kan mellom anna flyttast ut av Norge.

Senterpartiet vil heller ha ei avgrensa produksjonsavgift som går til kommunane for leige av sjøareal, i tillegg til det eksisterande havbruksfondet.

Det er ingen tvil om at det er to drivkrefter som gjer at fleirtalet vil greie ut nye skattar: For det fyrste så meiner nokon at den gjeldande ordninga er for god for kystkommunane. For det andre har nokon lyst på meir skatt til statskassa.Senterpartiet vil heller ha ei mangfaldig oppdrettsnæring langs heile kysten som bidreg med verdiskaping og arbeidsplassar. Då må det gjerast attraktivt for kommunane å stilla areal til disposisjon og ein må ikkje gå inn for ein høg ekstraskatt.

Neste artikkel

Jordbruket må se til Sveits