Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

OVF bidreg ikkje til utvikling

Står tom: Prestegarden i Lårdal vart ståande tom, og bygdefolket ynskjer at han vert selt, skriv innsendaren. Foto: Mariann Tvete

I Nationen har det i det siste vore fleire gode artiklar som stiller spørsmål ved måten Opplysningsvesenets fond (OVF) utøvar sitt eigarskap av fast eigedom rundt om i Norges land.

OVF har ei stor eigedomsportefølgje verdt mange milliardar kroner. Dei er 100 prosent eigd av den norske stat. Det er på tide at Stortinget set deira verksemd og samfunnsoppdrag under vurdering.

OVF sit på viktige eigedomar rundt om i nesten alle krinkar og krokar av landet og er i så måte ein viktig aktør, i den minste småbygd, der dei eig kanskje den mest sentrale og viktige eigedomen, prestegarden.

I Lårdal i Tokke kommune i Vest–Telemark er det og slik. Buplikta for prestane vart teke bort for om lag 2 år sidan og prestegarden her vart ståande tom. Kommunen og bygdefolket ynskjer at prestegarden vert selt for å få nye folke til bygda og bustenad på denne flotte eigedomen.

Kva ynskjer så OVF, med sine kontor rett ved sida av Børsen i Oslo sentrum? Jau, at OVF skal sita tilbake med den dyrka marka på 17 da ned mot innsjøen Bandak, skogen på 250 da, 20-30 bygsla tomter og fallretten i Lårdalsåi der dei og går utanfor fellesskapet.

Dei bidreg ikkje til nokon utvikling i bygda. Deira eigarskap virkar tvert om. Ja, faktisk er dei motstraum på dei fleste områder.

Annonse

Dette må vi få endre på . Blårussen si omgjering av selskap som OVF ,Statskog og Posten m.fl må endrast på. Desse selskapa hadde eit samfunnsoppdrag ute i dristrikta . Dette oppdraget er like aktuelt og ynskjeleg i dag.

Det er framleis ikkje økonomisk å levere post til fjellgrenda Møstrånd inne på Hardangervidda og det er ikkje økonomi for Kvikkas å lever aviser i delar av Lårdal kvar laurdag. Det var tenester til slike småsamfunn mange av desse selskapa vart oppretta for å tene.

Eigedomane til OVF og Statskog har stor verdi på papiret. Avkasting av skog på svak mark i Engerdal er låg. Det same gjeld 17 da dyrka mark og 250 da skog i Lårdal, same kor hardt ein pressar sitrona.

Saman med kommunen og bygdefolket kunne OVF med sine ressursar og kompetanse og eigarskap til fallrettar m.m vore med på å stimulere utviklinga i den vesle bygda vår. I stande sender dei krav om auka festeavgifter til våre eldre, der auken er vesentleg.

OVF blir av oss ute i småbygdane ikkje sett på som medspelarar og samfunnsutviklarar, tvert om. Dette må endrast.

Neste artikkel

Hvorfor er vi så få kvinnelige bønder?