Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ope brev til styret i Nortura

Kutt: Fleire matkjeder kuttar ut egg frå miljøinnreiingar. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Etter fleire tiår med debatt og kamp for eit dyre- og produksjonsvenleg hønsehald, fekk me frå 2012 nye framtidsretta dyrevernreglar og retningsliner for lovleg hønsehald. «Miljøinnreiingar» var, etter dei fleste bønder si meining, den nye optimale oppstallingsmåten for eggkvaliteten, dyra og bonden – reine «luksusleiligheiter»!

Men no dei siste åra, har dyrevernaktivistar og einskilde matvarekjeder «funne» kvarandre!

Tida er no inne for å tøya «føleriet» kring dyrevelferda eit nytt steg vidare: No skal egg frå «miljøbur» også pressast ut av marknaden! Og den einaste «dokumenterte» grunnen er: «Hønene kan ikkje her flyga og flaksa med vengjene»! - Og vidare:«Neste skritt er å bedre burfri driftsform!» (Dyrevernalliansen). For alle andre forhold er altså miljøinnreiingar best!

Eg reknar som sjølvsagt at styret i Nortura ikkje meiner at «føleri», uvitenheit, dyrevernaktivistar og daglegvarekjeder fritt skal bestemma utviklinga innan norsk hønsehald og matproduksjon i framtida.

Annonse

Det som held på å skje no opprører mitt bonde- og samvirkehjarta sterkt! Frå mi tid som nestleiar i Prior/Norske Eggsentraler huskar eg godt «Wetrett-saka» frå 1990-talet, der dyrevernaktivistane forsøkte seg på eit liknande useriøst forslag om å forby burhøns, men tapte rettssaka. Men – det skjedde sjølvsagt ikkje utan at me som produsentar og Norske Eggsentraler engasjerte oss og fekk fram fakta.

Mitt beste råd til styret vert difor: Ta ein grundig samtale internt «på bakrommet» (iflg. medlemsbrev ser eg det trengst!). Ikkje lat dykk lokkast til ein kortsiktig konklusjon, utan rot i ei fagleg og nøye gjennomtenkt vurdering. Og – lytt meir til dei mange eggprodusentane/medlemmene som har engasjert seg siste tida, frå Østfold til Rogaland og til Kvæfjord!

Berre slik vil ein kunna skapa ro og samhald i eggnæringa att, og fornufta koma ut som sigerherre.

Neste artikkel

Slaktegrisprodusenter avviklet driften etter besøk av Nortura