Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ope brev til Liv Signe

Kjære Liv Signe. Dette er fyrste og sikkert siste gongen eg skriv til deg.

Innsendaren gir Liv Signe Navarsete si støtte i dette innlegget. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Kjære Liv Signe. Dette er fyrste og sikkert siste gongen eg skriv til deg. Før i tida skreiv eg ofte til jenter, men eg var vel for blyg. For å seia det rett ut, vart eg aldri gift med nokon av dei eg skreiv med. Tekstmeldingar har eg ikkje kunna nytta, då eg er altfor tungnæm til å læra slikt. Men nok om det.

Det er sikkert mange som ser fram til at kong Trygve abdiserer og at kronprins Ola vert konge. No har det seg slik, Liv Signe, at etter festlege samkomme der politikk og sex vert ei samrøre, oppstår det ofte kognitiv svikt. Dette fører til akutt svikt i korttidsminnet og totalt hukommelsestap. Forskarar som arbeider med dette seier det er vanlegare enn folk trur.

Berre ordet sex vert nemnd, kan kognitiv svikt verta utløyst, seier dei. Dei nemner opp mange kjende tilfelle og peikar på at dette er svært vanleg særleg i Frp, men og i andre politiske miljø. Vidare seier dei at dette ikkje går ut over langtidsminnet. Det er registrert minne som kan strekka seg attende ti år i tid.

Annonse

Forskarane har snakka med folk som detaljert kan fortelja om til dømes bryllaupshendingar i Trøndelag og andre stader i ei så fjern fortid som ti år. Men det er og vanleg, ja, om lag like sikkert som amen i kyrkja, at kognitiv svikt inntreffer etter alle val.

Det er so interessant at me vil forska vidare på dette. For etter det me veit, er ikkje alkohol med i biletet, men kan henda litt sex. Men det skal gje gode vibbar, seier dei.

Til sist, kva trur du om desse gutane, Liv Signe? Eg seier ikkje at dei er verstingar, langt derifrå. Men kva om nokon kan få dei inn i regjeringa, for der er det svært mange verstingar frå før, seier folk.

Ja, kva veit vel eg om samfunnet og alt som rører seg der ute. Eg går for det meste for meg sjølv og trør her ute på landet. Som eg sa til deg i innleiinga av brevet har eg dårlege røynsler med å skriva til framande jenter, men eg har likevel prøvd etter beste evne.

Eg slutta ofte breva mine før i tida, med at no har eg ikkje meir å skriva om. So no seier eg det same til deg. Då storjuryen drøfta saka di, nytta dei eit gammalt godt triks: Dei stakk hovudet i sanden og stod der i minst fem minutt. So var alt greitt.

Neste artikkel

En global dyrevelferdsseier