Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NRK og distriktstilbodet

Satsar på distrikt?: NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Det har skapt berettiga harme at NRK har kutta distriktstilbodet. Dette vart på skjermen nærast presentert som eit «nytt» tilbod, medan det i røynda osa dårleg samvit av presentasjonen.

NRK er finansiert av lisens, som er ei avgift eine og åleine for å eiga eit TV-apparat, utan omsyn av om ein ser på NRK. Avgifta årleg er ca. 5 milliardar, ein uhorveleg stor sum som mange undrast kvar det vert av. Det er sett opp eit reglement for NRK, som saman med NRK plakaten utgjer rammene for NRK sin aktivitet. Då kan me ikkje ha ein kringkastingssjef som saman med staben går på sjølvstyr under dekke av redaksjonell fridom.

Les også: NRK snur og gjeninnfører lengre distriktssendinger

Ifølgje § 20 i plakaten skal NRK ha eit godt lokalt tilbod i alle fylke, og § 23 beskriv NRK sine plikter ved kriser og katastrofar. Dette er to sider av same sak, og eg spør: Blir NRK utfordra på å dokumentera at dei er i stand til å gjera denne jobben? Fleire hendingar tyder på at NRK ikkje har eit apparat som er i stand til å varsla folk om fare som trugar.

Brannen i Lærdal i 2014 er eit heilt tydeleg døme på det. Her var TV2 straks til stades, medan NRK ikkje var vakna opp frå koma før etter eit halvt døgn. TV2 gjorde jobben, medan NRK innkasserte pengane.

Annonse

Det er viktig å sjå skilnaden på allmennkringkastar og kommersielle kanalar. Hensikta med NRK som allmennkringkastar er å gje tilbod som det ikkje er kommersielt grunnlag for. For at NRK skal ha legitimitet er det viktig at denne fana blir halde høgt. Kulturministeren bør setja i gang ei evaluering av den lisensfinansierte aktiviteten om den er Innanfor NRK-plakaten og reglement, og om RK oppfyller plakat og reglement.

• Les også: Distriktsopprør er blitt en fast reprise i debatten om NRK, og nå er de i gang igjen.

Ein kan nok spørja om til dømes det er innanfor at ein reiser rundt med eigedomsmeklarar for å gissa verdi på hus, eller at ein finansierer internkonkurransar mellom idrettsutøvarar på tur i utlandet. I alle høve om ein har avgrensa med midlar.

Neste artikkel

Helsen til hjortevilt betyr mye for meg og deg