Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura og sauehaldet

Overskot: Kvifor blir det ikkje annonsert meir for smalakjøt, når det er overskot? Foto: Benjamin Hernes Vogl

Det stod å lesa i Nationen at produksjonen av kjøt fordelte seg med 41 prosent på gris 31, prosent på fjørfe, 24 prosent på storfe og 2,3 prosent på sau og lam. Kraftfôrkjøtet i graslandet Noreg utgjer over 70 prosent. Graskjøtet utgjer ca. 27 prosent. Likevel er det kraftfôrkjøtet som vert prioritert i sal og politikk.

I 2016 kom Nortura med prognosar om overskot på 3000 tonn, som er om lag 12 prosent av produksjonen smalakjøt. Eller under 2 prosent av samla kjøtproduksjon. Underdekninga av storfekjøt var på same tid 20.000 tonn.

Fatland melde om salsauke på 30 prosent i 2016 då Nortura hadde rekna med 3000 tonn i overproduksjon. Dei la og 3000 tonn på lager. Eg fylgde ein del med på annonseblad i løpet av vinteren og gjekk i butikkar for å sjå etter smalakjøt. Eg fann fårepølsa og fenalår, men ikkje ferskt eller frose lammekjøt.

• Les også: Går mot nytt kjempeoverskudd av lammekjøtt

Storfe, gris og fjørfe mangla det aldri. Det kom noko kjøt av lam til påske, men so var det slutt fram til grillsesongen. Då stod det i Nationen at Nortura gjorde det umoglege mogleg ved å få ut 2900 tonn av 3000 tonn på lager fram til ny slaktesesong. 100 tonn vert no brukt som pressmiddel for å senka lammeprisen og laga hundefôr av sauekjøtet.

Annonse

Sauekjøtet vert betalt med frå 5 øre til 5 kroner per kilo. Prisen på fårepølsa har dei to siste åra auka frå 302 kroner til 355 kroner per kg. Dei som lagar pølsa får si tariffløn medan bøndene vert skvisa på pris. Det kostar minst kroner 50 per kilo å produsera eitt kilo sauekjøt uansett kor billeg for ein greier å skaffa seg. Sauekjøtet utgjer om lag ein fjerdedel av samla fårekjøtproduksjon.

• Les også debattinnlegget: Ein av mine største nedturar som sauebonde

Eg vil påstå at overskotslagera er skapt av Nortura på grunn av den makta dei har på innkjøpssida. Nationen skriv mykje om kjedemakt på omsetningssida, medan marknadsreguleringssida går fri all undersøkjande journalistikk. Også lesarinnlegg om tilhøva vert sensurerte. Faglaga og Sau og geitalslaget er heilt fråverande i debatten om mishandlinga av sauehaldarane både politisk og på smalakjøtpris.

Nortura- sjefen bør snarast få forklara kvifor dei ikkje leverer ut fårekjøt til butikkane om vinteren når lagera er so fulle. Kvifor er det annonsar for storfekjøt som det er underskot på, når overskotslagera av smalakjøt ikkje er verd ei annonse?

Neste artikkel

Vi et minst kjøtt i Norden og Island knusar oss på kjøtt frå sauer