Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk Sau og Geit, arbeid og resultat

Leiarskapen i NSG burde ta tak i reelle utfordringar, i staden for krangel og skittkasting.

Får kritikk: Ordførar i Norsk Sau og Geit, Ragnhild Sæle. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

For ei tid tilbake hadde Nationen fleire oppslag om ein bitter strid i Norsk Sau og Geit (NSG) etter vala som skjedde på årsmøtet. Eg kjenner ingen av dei som stod sentralt i dette, og eg har ingen meining om « rett og gale», men som medlem i NSG i over femti år reagerer eg på at medlemsbladet ikkje får lov å omtale denne saka. Og i det siste har det vore nye store oppslag i Nationen med varsel om rettssak og krast tilsvar frå ordføraren i NSG.

Dagens leiing i NSG synest å vere svært svak, og denne saka er kanskje eit forsøk på syne styrke. Leiaren, generalsekretæren og representantskapet burde heller teke tak i den vanskelege økonomiske situasjonen mange småfebønder opplever. Og det er nesten ikkje til å tru at leiaren sa seg rimeleg fornøgd med resultatet av årets jordbruksoppgjer, og viste til ein auke på ti kroner i beitetilskot. Samstundes vart slaktetilskot for lam redusert, ikkje med femti kroner, men med åttito kroner i høve det vi fekk i fjor.

Prisen på kjøtt er også kraftig redusert. Sau blir det knapt betalt for i det heile, for lammekjøtt er nedgangen på minst 15 kroner dei 3 siste åra.

Annonse

Men det er ikkje berre økonomien som pressar næringa. Like sikkert som beitesesongen kjem, kjem også oppslaga om rovdyra sine herjingar. Statsminister, miljøvernminister og landbruksminister tek sin årlege tur til ei bygd der dei stiller seg opp for fotografering bak ein haug kadaver. Ingen treng å vere i tvil om at dei tek dette alvorleg.

Gjennom innlegg og reportasjar blir vi gjort kjent med at det blir planlagt nye tiltak, men det tek sjølvsagt tid. Og det blir alltid understreka at tapa er på veg ned, så det som er gjort har vore vellykka.

Både miljøvernministeren og statssekretæren hans har hatt slike innlegg på trykk for kort tid sidan. Det dei aldri tek med, er at mange har gitt opp sauehald og beitebruk p.g.a. store tap og mykje ekstra arbeid. Om Jo Inge Haugseth og andre i Renndalen gjer slik han seier i Nationen 25. august, så vil tapa i Rendalen sjølvsagt gå kraftig ned til neste år.

Det er slike utfordringar NSG sitt leiarskap burde teke tak i, i staden for krangel og skittkasting både bak stengde dører og i debattsidene i avisene. Om det er lurt å bruke pengar på advokat i denne saka tvilar eg sterkt på.

Sjølv vil eg avslutte medlemskapen i NSG, ikkje p.g.a. det som skjedde på årsmøtet, men p.g.a. manglande resultat og handlekraft hos leiinga.

Neste artikkel

Nå handler det om ost