Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Me treng eit vegopprør

Dårligast: Sogn og Fjordane har landets dårligaste og mest rasfarege vegar, skriv innsendaren. Foto: Mariann Tvete

Samferdselsekspert Idar Mo har påvist gjennom mange år at Sogn og Fjordane ikkje får attende dei pengane me betaler inn i vegavgifter. i perioden 1960 til 2020 vil Sogn og Fjordane ha betalt inn 600 milliardar i vegavgifter. Og fått attende 120 milliardar. Kvar og kva er dei 480 milliardane som er innbetalt frå Sogn og Fjordane brukt til? Sogn og Fjordane står også for 7 prosent av verdiskapinga i Noreg men får kun attende 2 prosent til drift og investeringar. Kvar blir resten av verdiskapinga brukt? Me treng eit vegopprør i distrikta, skriv Rikard Solheim og viser tilliks med Idar Mo at Nasjonal Transportplan (NTP) perioden 2018-29 vil fortsetje og forsterke vridninga av pengar frå distrikta til byane og Austlandet. Mo viser også til at NTP er bygd på gal og misvisande databruk som er planlagt for å få overført midler til Oslo og omland. Og som Solheim skriv: "Politikken har vore basert på falske fakta lenge nok."

Ikkje ein av stortingsrepresentantane eller fylkestoppane som er intervjua om dette er istand til, eller vil rette opp dette misforholdet som har ført til at Sogn og Fjordane har landets dårligaste og mest rasfarege vegar. Det er fleirtalet av veljarane i fylket som vel sine representantar som skal målbere fylket sine behov for å få nytte verdiskapinga i fylket her. Det er også no på tide å skifte politikarar som let falske fakta gå for rett. Dette er grunnen til at Alliansen stiller liste i Sogn og Fjordane og heile landet i 2017. Slik får veljarane moglegheiter til å skifte ut politikarar som ikkje greier å få gjennomslag for rettferdig fordeling og vit og forstand.

Annonse

Neste artikkel

Sps maktoppskrift: Fremme egne forslag