Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet sviktar

Prøvesvar: Innsendaren etterlyser oppdatert statistikk for skrantesjuke. Foto: NTB scanpix

Som interessert jeger og lokal villreinforvaltar er eg ofte innom ymse offentlege nettstader for å oppdatera meg på stoda når det gjeld nye tilfelle av skrantesjuke, eller CWD, på villrein og anna vilt.

Helst bør statistikken vera spesifisert på både viltart og område. Når eg går inn på Miljødirektoratet si side «Hjorteviltportalen», finn eg under overskrifta Skrantesjuke (CWD) i dag, 6. september, at det er analysert 14.932 prøver, og at det er funne totalt åtte positive prøver, d.v.s. dyr med smitte.

• Les også: I sykdomsrammede Nordfjella skal reinen utryddes. I Trøndelag øker staten reintallet i CWD-smittede områder.

Truleg er dette samla tal for 2016 og 2017. Desse to hovudtala er, så langt eg kan sjå, det einaste som er nokolunde oppdatert og korrekt av den CWD-statistikken som ein finn på nettet. Ved å klikka seg vidare frå Hjorteviltportalen til Mattilsynet sine nettsider, finn ein den meir detaljerte statistikken, som viser både viltart og geografisk område.

Diverre er denne berre oppdatert fram til 20. juni i år, altså lenge før jakta starta i Nordfjella (10. august) og på Hardangervidda (20. august).

Dette tyder at prøvesvar frå 400-500 felte rein så langt i jakta i Nordfjella og fleire hundre innsende prøver frå dyr på Hardangervidda ikkje er med i den statistikken som Mattilsynet har liggjande på nettsida si. Ifølgje denne statistikken er det 60 prøver villrein som er analyserte i 2017. Ein kan og leita etter statistikk på Veterinærinstituttet sine nettsider. Her finn ein dei same to hovudtala som på Hjorteviltportalen, med underteksten «Se analyseoversikt for CWD per dyreart hos Mattilsynet, med daglig oppdaterte tall fra oss».

Annonse

• Les også: 50 tonn reinsdyrkjøtt fra Nordfjella skal destrueres

Ei fjerde offentleg nettside kan ein sjekka; Hjorteviltregisteret. Her ligg det statistikk som heller ikkje er oppdatert etter at jakta starta i Nordfjella og på Hardangervidda. Rett nok vert det her opplyst at statistikken er ufullstendig, og at det vert jobba med å oppdatera denne.

Konklusjon: Tre av fire offentlege nettstader med ansvar for informasjon om skrantesjuka har berre ufullstendig/ikkje oppdatert statistikk å tilby. Når det i år er løyvt fleire ekstra millionar til desse etatane i samband med arbeidet med skrantesjuka, må det vera noko som er feil med prioriteringa av midlane, når ein ser kor lite vekt det vert lagt på å leggja fram korrekt og oppdatert statistikk på aktuelle offentlege nettstader.

Dette er informasjon som er sterkt etterspurd av oss jegerar og forvaltarar, og ikkje minst av media i samband med oppslag som gjeld dette saksfeltet.

Neste artikkel

Noen oppklaringer om Nettverk for GMO-fri mat og fôr