Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet i Telemark

Mattilsynet. Foto: Sandnes1970 / Mostphotos

Mattilsynet har vedteke at kontora i Seljord og Bø skal slåast saman. Innstilling frå direktøren i Region Aust til administrerande direktør skal kome rundt 1. mars.

Mattilsynet blei oppretta i 2004. Det var etter ei samanslåing av dyrehelsetilsyn, landbrukstilsyn, næringsmiddeltilsynet og fiskeritilsyn. Mattilsynet for fylka Buskerud, Vestfold og Telemark blei styrt frå eit nyoppretta regionkontor i Bø. Kontoret Bø hadde berre administrative oppgåver. For nokre år sidan blei Buskerud, Vestfold og Telemark slått saman med Hedmark og Oppland. Felles administrasjonsstad blei då lagt til Hamar.

Kontoret i Bø blei likevel oppretthalde av omsyn til dei tilsette. Tanken har vore at dette kontoret skal fasast ut over tid. I løpet av våren vil kontoret i Bø ha om lag seks tilsette. Fleire av dei tilsette arbeider ved hovudkontoret i Oslo, regionkontoret i Hamar og andre avdelingskontor, men har kontorplass i Bø fleire dagar i veka. Kontoret i Seljord har ansvaret for all tilsynsverksemd i heile Øvre Telemark, dvs. 12 kommunar frå Nome og oppover i fylket.

Annonse

Det er om lag 6 stillingsheimlar i dag ved kontoret i Seljord. Mattilsynet gjer tilsyn på vassverk, serveringsstader, næringsmiddelindustri, gardsbruk, mv. Reiseavstanden til godt over 60 prosent av tilsynsobjekta er kortast med base i Seljord samanlikna med Bø. Kontoret i Seljord held til på Dyrskuplassen og har nær kontakt med småskalamat- og det husdyrfaglege miljøet til Dyrsku’n. Det er òg verdt å nemne at det i Seljord er eit godt veterinærmiljø og god ingeniørkompetanse mellom anna knytt til kontroll av vassverk.

Konklusjonen er såleis at dagens operative tilsynskontor i Seljord bør vidareførast som felles kontor for Øvre Telemark.

Neste artikkel

EU - løsning for alle utfordringer?