Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lytt til Verdsbanken!

Noreg må trekke seg ut av klubben på fem land som ikkje har stoppa med å dumpe gruveavfall i sjø, skriv innsendarane. Foto: Marit Hommedal

Verdsbanken har nettopp slått fast at den skal slutte å finansiere olje- og gassprosjekt etter 2019, og Oljefondet følgjer opp med å be regjeringa om lov til å selje seg ut av olje og gass. Dette er gode og lovande tiltak for klimaet, men er ikkje det einaste tiltaket på miljøsida der Verdsbanken har gått i spissen for tiltak som Noreg bør følgje opp.

I 2007 vedtok Verdsbanken at det er dårleg industriell praksis å dumpe gruveavfall i havområde med grunt vatn, definert som mindre enn 400 meter djupt. Dette finn vi i Verdsbankens «Environmental, Health, and Safety Guidelines for mining», som dermed stemplar alle norske sjødeponi som uakseptable, både dei eksisterande og planlagde.

Dette var eit framsynt vedtak, og det er på tide at Noreg lyttar til Verdsbanken og trekk seg ut av den tvilsame klubben på 5 land som enno ikkje har stansa med å dumpe gruveavfall i sjø (Noreg, Chile, Indonesia, Tyrkia og Papua New Guinea). I tillegg er Noreg det einaste landet som dumpar på grunt vatn.

Annonse

Vi utfordrar regjeringa til snarast å følgje Verdsbankens retningsliner for gruvedrift og planleggja stans i dumpinga av gruveavfall i fjordane våre. Eit aktuelt tema for dei komande forhandlingane mellom regjeringa og Venstre.

Neste artikkel

MDGs Une Aina Bastholm: Spredt produksjon gjør oss mindre sårbare