Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Legg fakta på bordet»

Liv: Frittgåande høns døyr oftare enn burhøns, skriv innsendaren. Foto: Benjamin Hernes Vogl.

I Nationen 3. november – og under denne siterte overskrifta – leverer Live Kleveland frå Dyrevernalliansen eit «prosess-skriv det luktar svidd av». No inviterer Dyrevernalliansen landbruket, Nortura og eggproduksjonen spesielt, til å drøfta dyrevelferd i dei ulike oppstallingsformer for høns – ut frå fakta!

Skal me no tru at Dyrevernalliansen – endeleg – har sett lyset? Eg tvilar. Etter fleire tiårs kamp frå «dyrevernarane», der dei galant har oversett og overprøvd alle argument og synspunkt basert på nettopp fakta, er nok dette for godt til å vera sant. Me må nok rekna som sikkert at føleri, synsing, uvitenheit og massiv feilinformasjon framleis vil vera «melodien» frå Dyrevernalliansen.

Det fakta som har opprørd og avført ovannemnde innlegg, er truleg Nationen sine oppslag kring dei faktiske tala frå eggkontrollen. Desse dokumenterer at dødelegheita i frittgåande hus er om lag dobbel så stor som i hus med miljøinnreiingar. Dette passar dårleg med det glansbiletet dyrevernarane har skapt seg. At dødelegheitstala for begge typar innreiingar ligg svært lågt, og står seg godt mot alle andre dyreslag, er uinteressant. At høner – som alle andre dyreslag, også mennesket – døyr, er diverre eit faktum me må leva med.

Annonse

Dyrevernalliansen sine argument for eit betre husdyrhald, vert nok ikkje tillagt serleg vekt lenger. Serleg gjeld dette synet på dei ulike oppstallingsformer for hønsehald, etter at dei let seg «kjøpa» av einskilde matvarekjeder! Då mista dei siste rest av truverde.

At Dyrevernalliansen no også føler seg kalla til å «godkjenna» statsbudsjettet sine løyvingar når det gjeld landbruket samla, får me ta som eit utrykk for at dei «har teke litt for mykje Møllers tran».

Neste artikkel

Tre om merkeordning for dyrevelferd: – Det er veldig bra