Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksoppgjeret 2017

Tullespel: Jordbruksforhandlingane. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Nå har me tida for det årlege tullespelet om rammevilkåra for jordbruket det kommande året. Dette regjeringsdirektoratet som blir kalla forhandlingsinstituttet artar seg slik at regjeringa først legg fram eit skambod og så foregår det liksom forhandlingar som kvart år endar med det som regjeringa er villig til å gje bøndene i moglege intekter. Dersom bøndene ikkje godtar dette går saka til stortinget og då er trusselen at regjeringa går attende til sitt opprinnelege skambod.

Slik har ein halde på i årevis og resultatet er at bøndene er lønstaparane i samfunnet. Dei ligg ca 180.000 kroner under industriarbeidarløn og arbeider dobbelt så mykje. Det er kva storting og regjering meiner dei som driv vår viktigaste næring, matproduksjonen, er verd. Alle parti som dei siste 50 åra har vore i regjering er ansvarlege for at matproduksjonen er vorte eit lågtlønsyrke. For ein del er intekta så låg at hadde dei vore lønsmotakarar ville det vorte kalla for sosial dumping.

Dei siste 4 åra er det Høgre og Frp med støtte frå Venstre og KrF som har stått for denne umoralske utnyttinga av bøndene. Men det var ikkje betre dei 8 foregåande åra. Då var det Ap, Sp og SV som sat med regjeringa og hadde fleirtal på stortinget slik at det var nyttelaust å sende oppgjeret dit. Den raudgrøne regjeringa gjorde tilliks med den blåblå ingenting for å få matprodusentane opp på ein intekt som står i forhold til det viktige arbeidet dei utfører for landet.

Annonse

I september er det stortingsval og då har veljarane moglegheit til å få slutt på denne uverdige behandlinga av vår viktigaste næring, matproduksjonen, ved å stemme på Alliansen. Me skal få slutt på det tullspelet som bøndene blir utsette for no. Og eit årsverk i matproduksjonen skal lønnast likt med eit årsverk i industrien.

Neste artikkel

Økologisk monopol?