Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbrukseksamen for Stortinget

Line Henriette Hjemdal frå KrF og Pål Farstad i Venstre har gjeve regjeringspartia stort handlingslorm i landbrukspolitikken, skriv Leidulf Gloppestad. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Tysdag 16. mai vart det kjent at landbruksorganisasjonane braut forhandlingane med staten. At det vart brot, kom ikkje overraskande. Avstanden mellom tilbod og krav var om lag 1 milliard.

Ifølgje leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag skulle årets oppgjer prioritere lønsemda for dei små og mellomstore bruka. All statistikk viser at desse har fått ringare kår dei tre siste åra. Dette er dramatisk og illevarslande for distriktslandbruket. Dei fleste gardane i Sogn og Fjordane er små og mellomstore.

Eit samla Stortinget vedtok ei ambisiøs og offensiv landbruksmelding 16. april. Meldinga legg opp til matproduksjon i heile landet. Skal landbruksnæringa nå målsetjinga som Stortinget fordrar, må sjølvsagt mest mogleg av den matjorda vi har, skarve 3%, haldast i produksjon!

Eit av stridsemna som bidrog til brot i forhandlingane var at regjeringa ikkje firte på at inntektsutviklinga skal målast prosentvis og ikkje kronevis. Det er innlysande kvifor regjeringa tviheld på denne reknemåten.

Bondeorganisasjonane held fast på at tilbodet frå staten ville gje ein inntektsvekst for bøndene om lag 8100 kroner, medan samanliknbare grupper får 16.000 kroner. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fremste forsvar for tilbodet er: «Bøndene må vise moderasjon i sine krav til liks med dei andre arbeidstakarorganisasjonane». Det som ikkje vert sagt er at dei små og mellomstore bruka har inntekter som er langt under det samanliknbare grupper har.

Annonse

Små og mellomstore bruk har ikkje fått inntektsauke dei tre siste åra. 16. juni vert difor ein merkedag for næringa. Då får vi ein test på kva Stortinget verkeleg meina med landbruksmeldinga. All uforpliktande og positive klapp på skuldra til landbruksnæringa, kan partia no få omsett i praktisk politikk!

Får dagens regjering halde fram i fire nye år med sin mal for landbruket, er det vanskeleg å sjå lyst på framtida for dei små og mellomstore bruka. Vi fryktar at dette vil ha store og irreversible verknader.

Senterpartiet vert dagleg utfordra på dei fleste politiske område av regjeringa. Støttepartia KrF og Venstre har gjeve Høgre og FrP eit overraskande stort handlingsrom.

Matproduksjon over heile landet er avgjerande for ein vellukka distriktspolitikk. Senterpartiet meinte alvor då landbruksmeldinga nyleg vart vedteken! No ventar vi i spaning på om dei andre partia følgjer opp det dei vedtok 16. april.

Neste artikkel

KrF vet bedre i distriktspolitikken