Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Integrering i småkommunar

Kviteseid: Integreing i eit lite lokalsamfunn som Kviteseid har vore vellukka, skriv innsendaren. Foto: NTB scanpix

Nationen skriv på leiarplass den 27. februar om busetjing av flyktningar, og meiner at god integrering bør telje meir enn kommunestorleik. Dette er eit betimeleg standpunkt i flyktningespørsmål og distriktspolitikk. Debatten i saka er aktuell i ljos av at det i løpet av året bare skal busetjast 4400 personar mot fjoråret da 11500 flyktningar skulle busetjast i Noreg. Derfor har Nasjonalt utval for busetjing laga nye kriteria for fordeling til kommunane, som i hovudsak går ut på at kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar bare heilt unntaksvis skal kunne få høve til å ta i mot flyktningar for busetjing. Utvalets vektlegging for å kunne få busetje flyktningar er snudd totalt på hovudet når kommunestorleik blir tillagt 70 prosent vekt, arbeidsmarknad 20 prosent og resultatet av godt integreringsarbeid bare 10 prosent. Dette burde vore motsatt.

I min kommune, Kviteseid med omlag 2400 innbyggjarar i Vest-Telemark, var det i si tid brei politisk og folkeleg semje om å busetje flyktningar, ein haldning som eg trur fortsatt står ved lag.

Det er bygd opp eit apparat rundt dette forankra i offentlege tenester og friviljug interesse og innsats. Flyktningekoordinator, direkte underlagt rådmannen, er på plass og har lagt ned eit grundig avgjerande arbeid. I tillegg har kommunen friviljugkoordinator og mange engasjerte friviljuge enkeltpersonar og lag som brenn for saka. Inntrykket er at integrering i eit lite lokalsamfunn har vore vellukka, der flyktningane har ein jobb å gå til , i nokre tilfelle kombinert med norskundervisning og opplæring.

Annonse

Dessutan deltek flyktningane i sosiale og aktivitetsretta fritidssamanhengar, der alle kjenner alle og er trygge på kvarandre.

I slike lokalsamfunn føler flyktningane seg attkjende og verdsatt av alle utan framandgjering og annonymitet. Dette skaper den beste grobotn for likeverdskjensle, tryggleik og samhald, og med det vellukka integrering.

Neste artikkel

Integreringsbygda