Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ikkje kutt i støtta til frivillig arbeid

Frivillig: Her er kronprisesse Mette-Marit avbilda på 4H-stand i 2013. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

La oss spele kvarandre gode, ikkje kutt i støtta til frivillig arbeid!

Noreg er ein liten nasjon, og med sin naturgjevne plassering høgt i nord, må vi for å bruke regjeringa sine eigne ord «...vise hverandre gjensidig tillit og spille hverandre gode, så kan vi oppnå store ting sammen - selv om vi er et lite land».

• Les også: Støtte fra staten betyr utrolig mye for 4H, skriver Håkon Rønvik.

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er derimot ikkje ein invitasjon til å spele kvarandre gode: Utradering av støtta til Oikos, Hanen, Norsk kulturarv mfl. vil ikkje berre skade det frivillige arbeidet, men òg satsinga på norske mattradisjonar og reiselivet som regjeringa har fronta dei siste åra. Frivillige organisasjonar har òg ein viktig rolle når det gjeld å spreie ny kunnskap og løfte viktige tema inn i den offentlege debatten. Fokus på jordvern og matjord er døme på dette.

Annonse

Påstandar frå landbruksminister Jon Georg Dale om at frivillige organisasjonar kan gå til næringslivet tyder på at Dale ikkje forstår korleis det frivillige dugnadsarbeidet er organisert. Oikos Vest har på grunn av godt samarbeid med både privat og offentleg sektor gått i spissen for satsingar som ØKOVEKA i Bergen og Økoprisen Vestlandet. Dette er gode døme på kva «frivillig Norge» kan få til, men utan støtte frå offentleg sektor er ikkje slike prosjekt mogleg.

Det vi treng no frå regjeringa er føreseielegheit, ikkje fleire kuttforslag av denne typen.

Neste artikkel

Plogen er fortsatt ikke død