Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hiuttak av jerv

Jerv: Hiuttak av jerv er omstridt, og bør unngås, skriv innsendarene.Foto: SNO

Naturvernforbundet gikk nyleg ut og kritiserte praksisen med hiuttak av jerv der den dokumenterte bestanden er høgare enn bestandsmålet etter avslutta lisensjakt. Det er etter kvart ein årleg tradisjon. Møre og Romsdal Bondelag kan forstå at mange er kritiske og stiller spørsmål ved denne praksisen. Det er vanleg at alt vilt er freda i yngletida. Dette er å syne respekt for dyra.

Då ordninga med lisensjakt på jerv vart oppretta var noko av tanken at det skulle vere eit gode for interesserte jegarar å kunne jakte på jerv. I enkelte år lukkast jegarane godt og fleire jerv blir tekne ut i den ordinære jakttida. I andre år, som i år, lukkast ikkje dette. Då kjem spørsmålet om hiuttak opp.

Møre og Romsdal Bondelag vil peike på at det er statlege myndigheiter som har fastsett bestandsmålet for dei store rovdyra, og at det difor må vere statens ansvar gjennom Statens Naturoppsyn (SNO) å halde rovviltbestanden på vedteke nivå. Vi vil difor gå inn for å få etablert ein praksis der SNO har ansvar for å gå aktivt inn i jakta og sikre at dei planlagde fellingane blir gjennomført. I tillegg vil vi arbeide for å tillate auka bruk av tekniske hjelpemiddel for å gjere jakta lettare og sikrare for lisensjegarane, og at opplæring og rådgjeving blir tilgjengeleg for fleire.

Eit forslag kan vere at ordinær lisensjakt kan vare fram til jul. Etter nyttår fortsett jakta men då kan SNO få ansvar for å ta ut dei resterande dyra i fellingskvotane, gjerne i samarbeid med lokale jegarar. På den måten kan ein få redusert behovet for hiuttak til eit minimum.

Annonse

Jervejakt er vanskeleg. Det finst døme på at uheldig eller lite gjennomtenkt jaktform eller manglande samarbeid har resultert i at jakta mislukkast, og at jegarar diverre har kome i skade for å gjere jakta vanskelegare for kvarandre, og at forsøk på åtejakt har resultert i at åta i praksis har vorte fôringsplassar for jerv. Det kan vere eit tema for drøfting om det skal innførast strengare krav til lisensjegarane. Kan hende må SNO få ei aktiv rolle i obligatorisk rådgjeving til dei som søkjer om jaktlisens.

For beitenæringane er kontroll med rovviltbestandane avgjerande, og det er ikkje godt nok at bestandsreguleringa blir overlatt til tilfeldig og frivillig jakt. Det skal heller ikkje vere slik at bygdefolket sjølv skal ha ansvaret for å vere den utøvande part i forvaltninga. Det ansvaret må staten sjølv ta.

Både beitebrukarane og staten lir under dårleg omdømme på grunn av jervejakt i yngletida. Dette kunne i stor grad vore unngått.

Neste artikkel

Flere jervekull i år