Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fôrkrisa 2018 – kva kan vi gjere?

Den varme og tørre sommaren gjev ekstreme utfordringar for jordbruksnæringa i store delar av Nord-Europa.

Sommarens tørke i Sør-Noreg gir mindre avlingar enn vanleg. Foto: Siri Juell Rasmussen

Den gjennomsnittlege norske grovfôravlinga ligg på om lag 50 prosent av normalnivået etter årets førsteslått. Vêrvarsla gjev dårlege prognosar for andreslåtten. Fôrkrisa er for lengst eit faktum.

Vi er dagleg i kontakt med fortvila bønder. Fleire ser nedslakting som einaste utveg. Auka mengde storfe- og sauekjøtt på reguleringslager vil gje reduserte inntektsmoglegheiter for bønder over heile landet. Reduserte kornavlingar gjev utfordringar med nasjonal og internasjonal rekkevidde. Dårleg nattesøvn og synkande motivasjon høyrer med blant symptoma på byrjande psykiske uhelse hjå næringsdrivande over heile landet.

Den norske bonden har ein krevjande vinter og vår i vente. Kva kan vi gjere for å hjelpe kvarandre her og no?

Fylkesstyret i Oppland Bonde- og Småbrukarlag har drøfta situasjonen og kjem med følgjande tilrådingar:

1) Vi oppmodar til lokal dugnad for å kartleggje og ta i bruk kvilande slåttemark og innmarksbeite til grôvforhausting og beiting.

Annonse

2) For å kunne utvide beitesesongen på skog- og fjellbeite med god ettervekst på seinsommar og haust, oppmodar vi lokale grunneigar- og utmarkslag til å utsetje startdato for jaktsesongen 2018. Dette gjeld særleg i område med jakt på hare og elg.

Trass i utfordringane registrerer vi stor evne til omstilling og handlekraft. Brattlendte areal og utkantar på dyrka mark blir hausta ved bruk av tohjuls slåmaskin og ljå. Kunnskapen om lauving av osp og bjørk blir henta fram. Kvart einaste grep, kor lite det enn måtte kjennast ut, er eit bidrag til eigen produksjon og ei solidarisk handsrekning til heile næringa.

Gå saman i dugnadslag der det let seg gjere. Opprett kontakt mellom kornbønder og husdyrprodusentar, og sørg for at halmen blir pressa og gjort klar til husdyrfôr. Ta kontakt med landbruksrådgjevinga, og involver produsentrådgjevarane på kjøtt og mjølk når fôringssesongen 2018/2019 skal planleggjast.

Vurder auka bruk av kraftfôr, og følg med på utviklinga av kraftfôr med høgare struktur- og næringsinnhald. Kvart berga mordyr bidreg til stabilitet og berekraft i næringa – på kort og lang sikt.

Gløym for all del ikkje å oppretthalde dei formelle og uformelle møtepunkta med yrkesbrør- og søstrer! Fellesskapet med kaffekopp og kakuskive har snudd mang ein krisesituasjon til auka innsikt og nytt mot.

Kvar delt bekymring kan bidra til å redusere den totale mengda av bekymringar. La fôrkrisa bli ein døropnar til auka solidaritet og samhald i heile jordbruksnæringa, på tvers av geografi, faglag og næringsorganisasjonar!

Neste artikkel

Fra Libya til Trøndelag