Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fakta om Førdefjorden

Førdefjorden: Etter planane skal det bli gruvedrift på Engebøfjellet i Vevring og avfallet dumpes i Førdefjorden. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix

I Nationen 16.jan. har Hans Bårdsgård stort sett ein grei kommentar om dobbeltmoralen i politikken til den nye regjeringa der Venstre etter mi meining tek kaka i så måte. Venstre med Grande i spissen har godteke utsleppa i Førdefjorden.

Men, ei setning skjemmer ut heile kommentaren; «Regjeringen hører heller på folk som hyler – Førdefjorden drepes - fordi fem prosent av fjorden fylles opp med det samme som alle norske fjorder er fulle av. Steinslam med tungmetaller», sitat slutt.

Denne saka er for alvorleg til at slike utsegn kan bli ståande utan motsegn.

Førdefjorden er i dag ein rein fjord utan restriksjonar i høve til fiske eller anna bruk. Fjorden er ein nasjonal laksefjord. Om lag 40.000 menneskje bur rundt fjorden, og tusenvis brukar fjorden som rekreasjonsområde. Dei aller fleste er også imot dei planlagde utsleppa.

Kvart år vert det etter planen slept ut tusenvis av tonn med kjemiske stoff frå prosessen i tillegg til millionar tonn steinslam. Dette skal gå føre seg i 50 år etter søknaden. Det er opptil 2 meter skilnad på flo og fjøre i fjorden. Slammet vil difor spreie seg fysisk over heile fjordsystemet ut til kysten ved Florø. Den biologiske spreiinga er det umogleg å avgrense, og menneska sit heile tida på toppen av næringskjeda. Dei 5 prosentane av fjorden som Bårdsgård nemner som spreiingsareal er sjølvsagt heilt urealistiske.

Tungmetalla i fjellet vert med den planlagde drifta slept ut i ein 50-årsperiode. Naturleg avrenning og erodering frå det same fjellet ville ta tusenvis av år. Miljøet i fjorden og rundt fjorden vil med andre ord då har rikeleg tid for å tilpasse seg, og dette er også tilfelle i dei andre norske fjordane.

Annonse

Det vil alltid vere mogleg å finne einskildforskarar som har avvikande meiningar i om lag alle saker. Bårdsgård fører her Rolf Arne Kleiv som sanningsvitne for utsegna si.

Miljødirektoratet og andre tunge forskningsmiljø har frårådd utsleppa.

Det hadde vore kjekt om Bårdsgård og andre på «utsida» av saka hadde sett seg betre inn i ho før dei uttalar seg på denne måten.

Våpenindustrien og mest all annan industri er avhengig av metallet titan som er hovudstoffet i fjellet ved Førdefjorden. Industrien vil med andre ord betale det det kostar for å utvikle ein miljøvenleg prosess. Dette vil sikkert gi fleire arbeidsplassar også.

Neste artikkel

Kvinne er kvinne verst