Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Etterpåklokskap er ikkje den nye olja

Gründerane Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Kristian Børresen i selskapet Moods of Norway, som har gått konkurs. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Heia Moods of Norway! Og heia Innovasjon Noreg!

Eg merkar meg at mange koser seg over konkursen i Moods of Norway. Eg meiner det er trist. Me treng fleire selskap som Moods of Norway.

Moods of Norway er eit ektefødd barn av galskap og Innovasjon Noreg. I NRKs debattprogram Dagsnytt Atten måndag denne veka ville programleiar Fredrik Solvang ha svar på kvifor Innovasjon Noreg nyleg hadde gitt støtte til Moods of Norway. Divisjonsdirektør Mona Skaret skulle svare for Innovasjon Norge. Ho hadde ikkje noko lett oppgåve.

Fredrik Solvang hadde lært seg mange detaljar om Innovasjon Noreg sitt regelverk, men spørsmåla hans mangla grunnleggjande forståing for Innovasjon Noreg sitt samfunnsoppdrag. Det var etterpåklokskapen som kravde svar.

Sjølvsagt kan ein meine at Innovasjon Noreg berre skal støtte nye bedrifter, og aldri tapa pengar. Men det er ikkje det som er oppdraget. Innovasjon Noreg skal nokre gongar tapa pengar på sine engasjement. Dei skal ta risiko, og dei skal vere eit reiskap for bedrifter i ulike fasar.

Annonse

I Dagsnytt Atten vart det også problematisert at avgjerslene var tekne i Sogn og Fjordane. Lokalkunnskap og det å vera til stades lokalt er ein føresetnad for å lykkas. Eg skulle likt å sett den byråkraten i Oslo som hadde sagt ja då gjengen i Moods fekk ideen om å lage «happy clothes for happy people» (Dette er forklaringa på kvifor så mange på Twitter må fortelje at dei aldri har hatt eit plagg frå Moods. Der i garden er det grey clothes for krenka people som tel.)

Eg håper verkeleg at dei fleste meiner det var bra at Moods of Norway vart ein realitet og at selskapet eksisterte i 14 år.

Ein del av ein aktiv næringspolitikk er at staten kan stille opp med kapital til spanande selskap. Det er Innovasjon Noreg si oppgåve. Eg heiar på dei både når investeringar går bra og når det slår feil. Mitt råd er å ta meir risiko, ikkje mindre. Så får me tole nokre rundar i Dagsnytt Atten.

Etterpåklokskap er uansett ikkje den nye olja.

Neste artikkel

Ta jula tilbake med ekte juletrær