Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eigedomsskatt på verk og bruk

Kommunane sine inntekter frå skattlegging av kraftlinjer kan forsvinne. Foto: Erik Vestgård

Regjeringa snakkar varmt om auka kommunalt sjølvstyre. Ved å ta frå kommunane retten til å krevje inn såkalla «maskinskatt» skjer det motsette. Berørte kommunar vil tape over ein milliard kroner. Vennesla vil årleg tape 18 millionar. Så omfattande endringar høyrer ikkje heime i et budsjettforslag – og det utan konsekvensutgreiingar.

• Les også: I Porsgrunn må boligeierne finansiere kutt i maskinskatten. I Bamble står sykehjemsplassene på spill.

I forslaget til statsbudsjett for 2018 vil regjeringa fjerne eigedomsskatt på verk og bruk ved at installasjonar og utstyr til produksjon ikkje skal skattleggast, slik kommunane har hatt høve til i hundre år. Berre bygningar og tomt skal gi grunnlag for eigedomsskatt. Det skal heller ikkje vere eigedomsskatt på kraftleidningar og nettanlegg, ifølgje forslaget frå mindretalsregjeringa utgått av H og Frp.

Dei to skattefobiske partia ser ikkje, eller vil ikkje sjå, at vertskommunar for kraftutbygging og industrireising må ha ein andel av verdiskapinga som skjer lokalt. Det er nødvendig for å kunne tilrettelegge nødvendig infrastruktur og gode velferdstenester for tilsette i dei aktuelle bedriftene og for innbyggarane generelt. Gode skule-, helse og omsorgstenester er viktig for å sikre næringslivet stabil og god arbeidskraft.

• Les også: Kan tape 148 millioner i Mongstad-skatt

Annonse

Vertskommunar for verk og bruk, spesielt nettanlegg og store kraftlinjer, har avgitt areal som kjem heile samfunnet til gode og bør få noko tilbake. Dersom eigedomsskatten til kommunane blir redusert, vil staten få større skatteinntekter, fordi utlikna eigedomsskatt reduserer grunnlaget for selskapsskatt til staten. Kommunane får mindre – altså eit statleg ran frå distriktskommunar der verdiskapinga skjer. Verk og bruk vil heller ikkje få fullt utbytte av redusert eigedomsskatt så lenge det i praksis er ei omfordeling av skatten.

• Les også: Næringslivet reagerer sterkt på at KrF går inn for å beholde skatten på produksjonsutstyr.

Mange sider ved forslaget til statsbudsjett ber preg av at regjeringa er på desperat jakt etter å kompensere lettsindige skattereduksjonar til dei rikaste i landet. Å snu kapitalstraumen frå vertskommunane til staten er eitt av fleire eksempel på det og vil svekke det kommunale sjølvstyret.

Neste artikkel

La oss snakka meir om Venstre